2014 - Ingunn Solheim

2014 – Ingunn Solheim

NRK-journalist Ingunn Solheim fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2014. Juryen meinte at Ingunn Solheim er svært stø i språket sitt, og at ho kombinerer og balanserer dialekten sin og normert nynorsk godt.

Under prisutdelinga i Ørsta trekte jurymedlem Agnes Ravatn særleg fram direktesendingane under 22.juli-rettsaka der Solheim nytta kunnskapane sin som både jurist og journalist til å gjere jusspråket forståeleg for folk flest.

-Nynorsken gjer jobben min lettare fordi der finn eg dei enkle, gode orda sa ein stolt prisvinnar under utdelinga på dei Nynorske festspela i Ørsta i juni.

Les Årsrapporten for 2014

Intervju med Ingunn Solheim då det vart kunngjort at ho fekk prisen (mai 2014):

 – Nynorsk er framifrå når du må spare på orda

 – Nynorsk er eit svært godt nyheitsspråk fordi det gjev meg enklare ord. Det er eit godt verktøy for ein tv-journalist, som må vere sparsam med orda. Då er nynorsk framifrå, seier Ingunn Solheim (34), journalist i politisk avdeling i NRK Nyheiter. Ho er både overraska og stolt over å få Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2014.

– Kvifor overraska?

– Eg går jo ikkje rundt og tenkjer på meg sjølv om ein prisvinnar. Så eg vart ganske still då leiaren av juryen, Håkon Haugsbø, sa fram ærendet sitt. Fyrst trudde eg han ringde for å tipse Dagsrevyen om eitkvart nytt i Kirkens Nødhjelp. Sjølvsagt vart eg glad.

– Kva betyr ein slik pris for deg?

– Eg får sjølvtillit på at eg handterer og forvaltar språket mitt godt. Det er viktig å kjenne seg trygg på det, for då vert óg språket betre. Eg ser mange som slit med språket sitt fordi dei ikkje er trygge. Når eg får denne prisen kan det ikkje vere heilt gale. Ei god løypemelding, seier Solheim.

– Kva betyr nynorsken for deg?

– Det er meg. Det er ikkje noko alternativ. Han er der berre, heilt naturleg. Eg har aldri jobba veldig bevisst med språket, er meir oppteken av det rette ordet, det mest naturlege å seie. Vegen fram til eit godt språk er å bruke det språket eg kan. Eg er veldig oppteken av å ta vare på dette naturlege forholdet til språket mitt, for eg ser at dei som blir for opptekne av kva som er rett og feil slit meir.

Viktig å ikkje bli for sjølvsikker

– Du har eit ambivalent forhold til nynorskprisar?

– Eg tek gjerne mot dei, eg er ikkje redd for det. Men eg er redd for å bli for sikker på at språket mitt er godt. Eit anna poeng er at vi som brukar nynorsk av og til kan få ei kjensle av at det viktigaste vi gjer er å snakke nynorsk. Det viktigaste for meg er å få vere med og røkte samfunnsdebatten og drive god nyheitsjournalistikk. Men eg ynskjer ikkje å redusere prisen, den inspirerer til å jobbe vidare med språket. Kjensla av å bli sett pris på er alltid god.

– Er du redd for at nokon trur du står i tv-ruta berre fordi du er nynorskbrukar og kvinne?

– Nei, eg tenkjer ikkje slik, kanskje fordi eg ikkje er så oppteken av det. Men eg ville ikkje likt det om nokon trudde det. Samstundes er det litt naivt å tru at det ikkje har vore ein fordel for meg at eg er ung kvinne og nynorskbrukar. Det har i alle høve ikkje vore ei ulempe.

– Får du mange tilbakemeldingar på språket ditt?

– Å, ja, eg får beskjed når eg seier noko gale, og det treng eg. Andre nynorskbrukarar rettar på meg, og det er eg glad for. Eg takkar for det, eg er ikkje alltid samd, men det er viktig å diskutere språket vi brukar.

– Ingen som hevdar at dei ikkje skjønar kva du seier?

– Nei, det er aldri nokon som seier at dei ikkje forstår språket mitt. Det har aldri vore noko problem for meg å vere ein synleg nynorskbrukar. Men eg er bevisst ikkje ein konservativ nynorskbrukar, då hadde eg slite meir. Vi sunnfjordingar er heldige med at dialekten vår ligg nær nynorsknormalen.

– Men du reiste til Firda vidaregåande skule på Sandane fordi du ikkje tykte nynorsken stod sterkt nok på den vidaregåande skulen i Førde. Du har sagt at det «redda nynorsken» din?

– Ja, eg gjorde det. På Firda var dei trygge i nynorsken, og dei reindyrka den. Eg gjekk allmennfag, med blant anna media som valfag. Dei tre åra der er ein viktig del av grunnmuren i meg, attåt far min si høgtlesing av bøker då eg var lita. Han omsette alt til nynorsk. No merkar eg at eg gjer det same sjølv, når eg les for ungar.

Ingen nynorskaktivist

19 år gamal vart Ingunn Solheim nynorskpraktikant i NRK Sogn og Fjordane. Då medielæraren på Firda vidaregåande skule, Ove Eide, vart spurd om referanse sa han: «Ho Ingunn er ein slik elev du i eit lærarliv opplever toppen fem av».

– Det var pent sagt, seier Solheim nøkternt. – Tida som nynorskpraktikant gav meg merkelappen «nynorsk», sjølv om eg aldri har vore nokon nynorskaktivist. Mange forventar mest det når eg brukar nynorsk. Men mi greie er å levere god journalistikk på eit godt språk. Eg er glad for læretida i «nynorsk og nyhende» i NRK Sogn og Fjordane.

– Kvifor er du redd for å bli sett på som nynorskaktivist?

– Visst veit eg at det er mange nynorskfolk som har kjempa for at slike som meg skal få bruke språket mitt. Men som journalist er eg oppteken av å ikkje verte ein aktivist. Men no i innspurten av debatten om Grunnlova skulle kome på nynorsk eller ikkje kjende eg at eg vart personleg engasjert.

– Kanskje det var juristen Ingunn Solheim som spelte deg eit puss?

– Ja, kanskje det. Det er i alle høve godt at vi no får Grunnlova på skjøneleg norsk og nynorskutgåva er god. Eg likar ordet «trygge» betre enn «sikre». Det er eit varmare ord, seier ho og syner til §2 i Grunnlova.

Ville vekk frå journalistikken

Etter å ha vore nynorskpraktikant og journalist i NRK, teke bachelor i statsvitskap ved NTNU i Trondheim, og vore journalist/programleiar i Kanal24 og nyhendeanker i TV2 Nyhetskanalen, byrja Ingunn Solheim å studere juss.

– Kvifor?

– Eg skulle bli jurist, ville vekk frå journalistikken fordi eg mista trua. Men eg arbeidde i NRK på slutten av jusstudia. Då eg var ferdig som jurist i 2011 fekk eg draumejobben i politisk avdeling i Dagsrevyen. Der får eg vere med på å påverke samfunnsdebatten. Eg fann vel òg ut at eg ikkje er tålmodig nok til å samle meg om eitt fagfelt.

– Vi treng altså ikkje vere redde for å misse deg til advokatstanden?

– Ikkje med det fyrste. Det er ikkje alltid så stor skilnad på dei to yrka. Dei fem åra på jusstudiet gjorde meg også meir medviten og glad i å bruke nynorsk. Eg fekk høyre frå sensorar at dei likte å lese eksamenssvar på nynorsk, så lenge språket var godt. Innanfor jussverda er det eit aktivt arbeid for nynorsk, og det var kjekt å oppdage. Det gjorde at eg vart med i Juristmållaget ein liten periode. Både nyheiter og juss vert enklare å forstå når vi brukar nynorsk, seier Ingunn Solheim, som frå hausten av vert programleiar for NRK Debatten.