2015 - Jan Zahl

2015 – Jan Zahl

Jan Zahl har betydd mykje for nynorsken i eit område, som meir enn nokon andre, har merka språkleg påverknad frå heile verda.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vart delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta fredag. Prisvinnar Jan Zahl (46) er kulturjournalist og kommentator i Stavanger Aftenblad.

Røter på Jæren

– Med røter på Jæren og språkleg medvit i Stavanger Aftenblad i ryggen, har Zahl skrive seg inn i ein tydeleg nynorsk skrifttradisjon. Kritiske blikk på Oslo-makta med Vestlandet som ståstad, målbore på nynorsk, er ikkje kvardagskost i norske medium, skriv juryen i si grunngjeving.

Prisvinnaren har fartstid frå Dagbladet, Dagsavisen, TV2 og som redaktør i Forskarforum. Han har skrive fleire bøker, mellom dei «Kontroll på kontinentet. Historia om Kaizers Orchestra». Jan Zahl har hovudfag i samanliknande politikk og mellomfag i spansk. Han voks opp på Bryne.

Liberalt demokrati

Same dag som Zahl fekk melding om prisen frå Kulturdepartementet, hadde han på trykk ein kommentar om statsråden, der han konkluderte med at Thorhild Widvey er den svakaste kulturministeren landet har hatt på mange år, og at ho har vist seg som eitt av regjeringas aller dårlegaste kort.

– I andre land, ikkje så langt unna, får ein sparken, vert sendt i fengsel eller må døy for slik kritikk. I Noreg risikerer ein å få ein pris. Det er akkurat slik det skal vera, og eit sunnheitsteikn for det liberale demokratiet me bør vera svært glade for at me lever i, sa Zahl i takketalen sin.

– Eg gjer ikkje noko stort nummer ut av at eg skriv nynorsk, eg gjer det berre, akkurat på same måte som eg et, pustar og søv. Og eigentleg er eg mindre oppteken av å skriva nynorsk enn av å skriva godt, sa prisvinnaren.

Juryen trekkjer fram Zahls tvisyn, i tradisjonen frå Aasmund Olavsson Vinje.

– Anten han skriv om håplause Oslo- og Stavangerpolitikarar, det skamlause klikkhysteriet i norske medium, eller om den moderne mannsrolla, er det gjort slik at at ein må gråta på eine auget og le på det andre, skriv juryen.

Håkon Haugsbø, kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp, er leiar for juryen, med Agnes Ravatn, forfattar og journalist i Dag og Tid, og Svend Arne Vee, redaktør i Firdaposten, som medlemmer.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. Prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske medium, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område. Vinnaren får 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

Grunngjevinga

Kulturdepartementet sin nynorskpris 2015
Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar går i år til Jan Zahl. Han er kulturjournalist og kommentator i Stavanger Aftenblad. Det har han vore sidan 2007.

Før den tid arbeidde han 10 år i Oslo, som journalist i mellom anna Dagbladet, Dagsavisen, TV 2 og som redaktør i Forskarforum. Han har også skrive fleire bøker, mellom anna ¨Kontroll på kontinentet. Historia om Kaizers Orchestra». Jan Zahl har hovudfag i samanliknande politikk og mellomfag i spansk. Han kjem frå Bryne.

Som student hadde han sommarjobb i Stavanger Aftenblad midt på 1990-talet. Sjefen hans, Tom Hetland, gav han råd om at det kunne vere lurt å skrive nynorsk. – Det er så mange som skriv bokmål. Det er lettare å skilje seg ut og få si eiga stemme og eigen identitet om du skriv nynorsk, sa Hetland.

Jan Zahl har betydd mykje for nynorsken i eit område, som meir enn nokon andre, har merka språkleg påverknad frå heile verda. Med røter på Jæren og språkleg medvit i Stavanger Aftenblad i ryggen, har Zahl skrive seg inn i ein tydeleg nynorsk skrifttradisjon. Kritiske blikk på Oslo-makta med Vestlandet som ståstad, målbore på nynorsk, er ikkje kvardagskost i norske medier.

Merkelappen «tvisyn» er kanskje oppbrukt når nynorskskrivande journalistar skal heidrast. Men i tilfellet Zahl er det Vinje sitt tvisyn som karakteriserer prisvinnaren sin skrive- og tenkemåte best. Anten han skriv om håplause Oslo- og Stavangerpolitikarar, det skamlaust klikkhysteriet i norsk media, eller om den moderne mannsrolla, så er det gjort slik at at ein må gråta på eine auget og le på det andre.

Jan Zahl kan kunsten å sjå same sak i ulikt lys; eit latterleg og eit alvorleg. Han skriv komisk om det alvorlege og alvorleg om det komiske – men er ikkje ein spottegauk som på død og liv må gjere narr av alt.

Med finstemt, varm humor skriv han observante portrett, der han brukar seg sjølv i tekstane, utan at han står i vegen for dei han skriv om. Tvert imot bidreg nærveret hans til å skape tillit og nærleik til det omtalte. Han er ikkje hoven eller sjølvfornøgd, men sjølvironisk, sympatisk og folkeleg, alltid på lag med lesarane.

I eit levande, munnleg språk skriv han både beiskt og muntert om ei rekke emne. Når han deler ut spark oppover, anten det er til lokalpolitikarar, hovudstadspressa eller regjeringskontora, er det aldri berre surt og negativt. I Zahl sine kommentarartiklar er det alltid to rørsler: ei kritisk og ei konstruktiv, slik at vi med Vinje kan seie at den eine «gjenger Aust ned mot Botnen og den andre Vest upp mot Dagen. Det rotnar ikki daa».

  1. mai 2015. Håkon Haugsbø, Agnes Ravatn og Svend Arne Vee