10. mai 2017

12 kalla inn til konferanse

– Vi har kalla tolv av 29 søkjarar inn til intervju i Førde, frå 2. til 15. mai. Vi håpar framleis å tilsette før 17. mai, seier Magni Øvrebotten.

– Eit litt nytt «fenomen» i år er at folk søkjer, men trekkjer søknaden til fordel for andre ting dei har tenkt å gjere. Både før og etter konferanse. Det er litt frustrerande for oss som skal sette saman eit lag med folk frå ulike delar av landet, allsidige utdanningar og som vi trur skal bli eit godt kull i lag. Vi lukkast nok, men det tek meir tid når folk vi har satsa på trekkjer seg. Det er kanskje og eit uttrykk for at dei er usikre på om journalistikk er noko for dei, så vi satsar på at vi sit att med dei mest motiverte til slutt, seier Magni Øvrebotten.

Det er faglærar Randi Indrebø og Magni Øvrebotten som tilset kull 27. Det skal starte på opplæringa i Førde 21. august og er ferdige til 1. mars 2018.