5. september 2017

58 prosent arbeider i media

Per 1. september 58,5 prosent av 130 nynorskpraktikantar arbeid i media. I sommar var det 61,5 prosent som hadde det, men no er sommarjobbane over. 45 prosent av dei som arbeider i media er i NRK.

På Aasentunet: Kull 26 samla kring bysta av Ivar Aasen. Frå venstre Snorre Sandemose, Sigrid Sørumgård Botheim, Espen Breivik, Wibeke Bruland og Aleksander Båtnes.

 

 

Kull 26 var ferdige som nynorskpraktikantar til 1. juli og fire av fem fekk sommarjobb og vikariat etterpå. Wibeke Bruland har fått årsvikariat i NRK Finnmark, der ho hadde ekstern praksis. Aleksander Båtnes hadde det i NRK Møre og Romsdal og har fått vikariat der fram til jul. Espen Breivik hadde ekstern praksis og sommarjobb i Økopol i NRK Nyhende, og har vikariat der til november. Sigrid Sørumgård Botheim held fram som vikar i Kulturnytt i NRK P2, der ho var både praksis og sommarjobb. I oktober byrjar Botheim i eit årsvikariat i NRK Telemark. Snorre Sandemose hadde ekstern praksis i NRK Sogn og Fjordane og held fram som reiseleiar. Denne hausten går turane til Ungaren, Malta og Orkenøyane.