3. april 2017

60 prosent arbeider i media

Per 1. april 2017 arbeider 60 prosent av dei 125 nynorskpraktikantane vi har sendt frå oss i media. Det er ein liten auke frå førre månad, og vi gler oss når det går den vegen. 47 prosent av dei vi har lært opp arbeider i NRK. – Vi håpar og trur at det aukar på når alle sommarjobbane er klare, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Kull 26 er inne i siste månaden med praksis i NRK Sogn og Fjordane. Siste dagen deira i Førde er 28. april. Då dreg dei vidare i ekstern praksis frå 2. mai til ut juni. Espen Breivik skal til avdelinga for økonomi og politikk i NRK Nyhende, Wibeke Bruland til NRK Finnmark, Aleksander Båtnes til NRK Møre og Romsdal og Sigrid Sørumgård Botheim til Kulturnytt i NRK P2. Snorre Sandemose held seg i NRK Sogn og Fjordane eit par månader til.