Ni praktikantar fekk fast jobb  
12. desember 2017

Ni praktikantar fekk fast jobb

I løpet av 2017 fekk fem tidlegare nynorskpraktikantar fast jobb i NRK. I tillegg fekk to fast jobb i aviser - og to ekspraktikantar fekk fast jobb i nettaviser. - Det var veldig kjekt å få ein ny sjanse i journalistikken, seier Snorre Sandemose. Han er den første frå kull 26 som [...]
» Les meir

God start for nytt språkkurs  
12. desember 2017

God start for nytt språkkurs

«Nyttig også for bokmålsfolk» og «eg fekk lyst til å skriva meir nynorsk» var nokre av tilbakemeldingane då journalistar og fotografar i NRK Hordaland nyleg vart kursa i nynorsk. NRK Nynorsk mediesenter har i samarbeid med språksjefen og NRK Sogn og Fjordane teke initiativ til å gjennomføre nynorskkurs for redaksjonar internt [...]
» Les meir

Hadde 17 arbeidsavtalar på 18 månadar  
30. november 2017

Hadde 17 arbeidsavtalar på 18 månadar

- Det er ein luksus å vere vikar i NRK, men det er luksus med bismak. På dei siste 18 månadane har eg hatt 17 arbeidsavtalar, og eg har søkt på fleire jobbar enn eg kan telje på sju hender. Når eg no fekk fast jobb i «Her og No» [...]
» Les meir

Hevar den digitale kompetansen i regionen  
24. november 2017

Hevar den digitale kompetansen i regionen

Sidan september har den tidlegare nynorskpraktikanten vore ute av den vanlege turnusen for å jobbe med prosjektet «Ny kurs» i region sør. Saman med fem andre personar frå tre distriktskontor skal han heve den digitale kompetansen hjå medarbeidarane i regionen. -Eg vart spurt av redaksjonssjefen min om eg ønskte å delta [...]
» Les meir

Blir vaktsjef for ny storsatsing  
23. november 2017

Blir vaktsjef for ny storsatsing

-Det er veldig kjekt med ny jobb. Etter tolv år i Oslo har eg flytta til Bergen. Eg har blitt vestlending igjen, seier Birte Njøsen Horne. 33-åringen frå Florø er no éin av fire vaktsjefar som skal reise landet rundt og få storsatsinga Norge No på lufta på NRK1. Njøsen Horne [...]
» Les meir

Fast jobb i Bergens Tidende  
17. november 2017

Fast jobb i Bergens Tidende

Adalheidur Audardottir Oldeide var nynorskpraktikant på kull 18, våren 2013. Ho hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt og har etterpå arbeidd i NRK Hordaland, Bergens Tidende og NRK Sogn og Fjordane. Adalheidur er halvt islandsk og før ho byrja som nynorskpraktikant hadde ho arbeidd for Leger uten grenser sidan 2008. Der var ho [...]
» Les meir

Fekk fast jobb etter to år  
14. november 2017

Fekk fast jobb etter to år

-Eg har aldri hatt fast jobb, så det er litt spesielt. Skrekkblanda fryd, for å seie det slik, smiler Thomas Brakstad. 28-åringen gjekk på kull 23 hausten 2015, og har sidan hatt diverse vikariat i sporten før han kom til NRK Sogn og Fjordane i vikariat i januar i år. Der [...]
» Les meir

Dette er praktikantane på kull 28  
3. november 2017

Dette er praktikantane på kull 28

Anders Martin Helle er 23 år gamal og kjem frå Sogndal. Han  gjekk medium og kommunikasjon på vidaregåande. Så tok han eit årsstudium i film og fjersynsvitskap og han har ei bachelorgrad i dokumentarfilmproduksjon ved Høgskulen på Lillehammer. Turid Astrid Reksten er 34 år og kjem frå Florø. Ho arbeider som [...]
» Les meir

Oppmoda praktikantane til å tenkje nytt  
26. oktober 2017

Oppmoda praktikantane til å tenkje nytt

NRK-direktøren hadde eit stramt program då han vitja NRK Nynorsk mediesenter og NRK Sogn og Fjordane, men han tok seg likevel tid til ein prat med nynorskpraktikantane om framtida i NRK. Mellom anna var han oppteken av kor viktig det er at praktikantane finn tonen med folk i redaksjonane dei [...]
» Les meir

Besøk av Olav Nyhus  
25. oktober 2017

Besøk av Olav Nyhus

Olav Nyhus var juridisk direktør i NRK i mange år før han vart det vi - for å korte ned tittelen - kallar personaldirektør i NRK. Han er ein travel mann, med fleire internasjonale oppdrag for NRK, og har bala lenge med å finne eit høve til å besøke ansvarsområdet [...]
» Les meir