1. oktober 2009

Spynorsk mordliste på P3

Tysdag ettermiddag sendte Banden på P3 eit innslag laga av Håkon Løtveit, som rett og slett handla om kor mykje han hatar nynorsk. Du kan høyre det her. Innslaget vart laga i høve det viktige 113-årsjubileet for Ivar Aasens død. Løtveit startar det heile med ein dårleg nynorsk-imitasjon, før han [...]
» Les meir

 
28. september 2009

Ein skikkeleg søknad

Når eg får spørsmål om kva som skal til for å bli kalla inn til konferanse som aktuell nynorskpraktikant, svarar eg ofte ”Ein skikkeleg søknad”. Men det seier visst ikkje folk nokon verdens ting. For sjølv om eg både seier og skriv det aldri så mykje, så får vi stadig oftare [...]
» Les meir

 
23. september 2009

Det regnar i Førde

Heldigvis har NRK Sogn og Fjordane investert i utstyr som held oss tørre - sjølv om ein del av det er litt for stort for enkelte... Elles kan eg fortelje at eg har vore på lufta igjen, med ei sak om Alzheimer. For meg vart det eit sterkt møte med Astrid [...]
» Les meir

 
16. september 2009

Kultur til folket

Som den gamle kulturjournalisten eg er, måtte eg sjølvsagt debutere med ei kultursak. Den handlar om "Susanna frå Sunnfjord", ein opera Jorunn Torsheim skal setje opp. Det var litt rart, men samtidig eit "kick" å høyre seg sjølv på eteren - for å vere ærleg trur eg ikkje det har [...]
» Les meir

 
16. september 2009

Sorgene på forskot

Eg er ein typisk sunnfjording. Vi er kjende for å ta sorgene på forskot. Det seiest at vi får få sorger i livet, dei fleste vi førebur oss på vert det ikkje noko av! No trur eg sjølvsagt at det ikkje kjem søkjarar, sjølv om elleve føregåande kull har synt [...]
» Les meir

 
15. september 2009

Politikk på kloss hald

I går var dagen med stor D, valdagen, som byrja med at eg fekk lage ei prøvesak der eg mellom anna intervjua ordførar Nils Gjerland (Sp). Om kvelden var det valvake på Rica Sunnfjord Hotell, og sjølvsagt stilte også vi nynorskpraktikantane. Bjørn Ivar med blått slips, Aleksander med raudt, og sjølv [...]
» Les meir

 
8. september 2009

Røynda og kjærleik

I samband med at NRK Nynorsk mediesenter hadde 5-årsjubileum 1. september vart eg portrettintervjua i NRK Sogn og Fjordane. Heilt på slutten av intervjuet fekk eg spørsmål om dei to vakraste nynorske orda eg visste om. - Røynda og kjærleik, var svaret. Inga utduping eller forklaring. Men av alt eg sa på dei 20 [...]
» Les meir

 
8. september 2009

Norsk eller nynorsk?

Vi har lært å ta opp telefonintervju for radio, og den første saka mi med slike intervju handla om Akers nye reklamefilm "Made by Norway".  Ivar Aasens "Nordmannen" blir her brukt for å vise fram norsk industri og dei verdiane dei tilsette skapar. Ivar Aasen-tunet støttar Akers bruk av "Nordmannen" [...]
» Les meir

 
3. september 2009

Nynorskens skog

Tysdag feira Nynorsk mediesenter sitt 5-årsjubileum, og i høve det vart det skipa til ein konferanse om mangfald i NRK her i Førde. Kvelden før vart vi inviterte med på jubileumsmiddag på Rica Sunnfjord hotell, og plutseleg var eg i same rom som kringkastingssjefen Hans-Tore Bjerkaas, fleire DK-sjefar, nestleiar i [...]
» Les meir

 
31. august 2009

Det er den draumen

Slik passar det seg kanskje for ein såkalla litteraturviter å starte. For det er eigentleg det eg er, etter tre år i Trondheim og ein fullført bachelorgrad ved NTNU. Eg skal innrømme at det var litt vanskeleg å innstille seg på å skulle flytte frå byen i mitt hjarte. Spesielt [...]
» Les meir