25. oktober 2017

11 kalla inn til konferanse

– Vi er godt i gang med intervjua og har kalla elleve av søkjarane inn til konferanse. Det er faglærarane Randi Indrebø og Rune Fossum Lillesvangstu som gjennomfører konferansane. Eg er ikkje med fordi eg pendlar mellom ein sjuk far og jobb, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Om fleire enn dei elleve vert kalla inn til intervju veit vi ikkje enno. Dei siste av dei kjem til konferanse tysdag i komande veke. Dei vi har sams med Nynorsk avissenter i Firda, og som begge er interesserte i, kallar vi inn same dagen. Vi dekkjer reisa til dei vi har inne til konferanse, og det er viktig å ta vare på alle kvitteringar.

– Målet er framleis å tilsette til 6. november, men det kan dryge om vi må ha inn fleire til konferanse, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.