25. oktober 2017

Besøk av Olav Nyhus

Torsdag 26. oktober kjem sjefen vår, Olav Nyhus, på besøk til Nynorsk mediesenter og NRK Sogn og Fjordane. Han er direktør for avdelinga for juridisk, rettigheiter og personal i NRK. NRK Nynorsk mediesenter høyrer heime i Nyhus si avdeling.

Olav Nyhus var juridisk direktør i NRK i mange år før han vart det vi – for å korte ned tittelen – kallar personaldirektør i NRK. Han er ein travel mann, med fleire internasjonale oppdrag for NRK, og har bala lenge med å finne eit høve til å besøke ansvarsområdet sitt i Førde.

Men torsdag 26. oktober kjem han. Fyrst møter han nynorskpraktikantane og snakkar om juss og journalistikk med dei. Deretter vert det lunsjmøte med dei tilsette i NRK Sogn og Fjordane, og møte med leiinga ved distriktskontoret og i NRK Nynorsk mediesenter.

For Nyhus er det å kome på gamle trakter å vere attende i Førde. Som ung jurist var han dommarfullmektig ved Sorenskrivarkontoret i Sunnfjord. Det gav han eit godt forhold til nynorsken, som han dreg nytte av no.