20. mars 2017

Pensum på Politihøgskulen

Brennpunkt-programmet «Avhøyret» vert ein del av utdanninga på Politihøgskulen. Simon Solheim har laga programmet, som set søkjelyset på det norske politiavhøyret. I dag er han førelesar for nynorskpraktikantane i Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter, om gravande journalistikk. Solheim var sjølv nynorskpraktikant i 2009/10. Han byrja på NRK Nynorsk mediesenter rett etter avslutta vidaregåande skule, men hadde alt då arbeidd for lokalavisene Firdaposten og Firda i fleire år.

Politihøgskulen vil bruke programmet i undervisinga både på grunnutdanninga og i etter- og vidareutdanninga. – NRK er tett på avhøyrssituasjonar, noko som gjev direkte utbyte for læring, seier assisterande rektor Tor Tanke Holm ved Politihøgskulen til NRK.

I programmet  får vi vere med inn i avhøyrsrommet når politiet i Oslo etterforskar eit nytt drap. Dei skal møte den mistenkte med eit ope sinn og høfleg framferd, og vere opne for at saka ikkje er slik ho ser ut til å vere. Norske avhøyrsmetodar får internasjonal merksemd, men framleis skjer det grove feil i norske avhøyrsrom. Programmet set søkjelyset på ein 15-åring som vart avhøyrd utan verge og utan forsvarar. I denne dokumentaren får vi og sjå opptak frå avhøyrsrommet 23. juli 2011, då politiet hadde sitt fyrste avhøyr av Anders Behring Breivik og han forklarde terrorangrepet med at det var berre «fyrverkeri».