23. november 2017

Blir vaktsjef for ny storsatsing

Birte Njøsen Horne blir ein sentral brikke når prestisjeprosjektet Norge No kjem på lufta på NRK1.

Birte Njøsen Horne (t.h.) var i vår saman med Karen Marie Berg programleiar for «Gratulerer med dagen».

-Det er veldig kjekt med ny jobb. Etter tolv år i Oslo har eg flytta til Bergen. Eg har blitt vestlending igjen, seier Birte Njøsen Horne.

33-åringen frå Florø er no éin av fire vaktsjefar som skal reise landet rundt og få storsatsinga Norge No på lufta på NRK1. Njøsen Horne var nynorskpraktikant på kull to, heilt tilbake i 2005, og har sidan hatt ei rekkje spennande jobbar i NRK. Ho har mellom anna jobba i Nitimen, TV-aksjonen, Sommeråpent og Reiseradioen. I 2016 hadde ho eit eige program på P13, kalla «Birte», og våren 2017 var ho programleiar for det tradisjonsrike 17. mai-programmet «Gratulerer med dagen» på NRK radio.

No er ho saman med resten av redaksjonen godt i gang med å førebu dei første sendingane for Norge No.

-Vi har i lengre tid jobba med å utvikle det nye programmet. Rett og slett finne ut kven vi er og kva vi skal bli. Og ikkje minst korleis vi skal gjennomføre eit så stort prosjekt, seier Njøsen Horne.

-No er vi der at vi jobbar med å planlegge innhaldet den første veka, som er første veka i januar. Det er veldig kjekt å jobbe med eit nytt og ikkje minst så stort prosjekt i NRK, seier ho.