11. mai 2017

Delt nynorskpris for journalistar

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar går i år til Guri Kulås og Jens Kihl i Klassekampen. Dei deler prisen på 50.000 kroner. Guri Kulås er filmmeldar i Klassekampen og har arbeidd der i 20 år. Jens Kihl er politisk journalist og byrja hausten 2013. – Vi lyt få takke Bjørgulv Braanen. Vi er så heldige å ha ein redaktør som ser på nynorsken som eit naturleg nyheitsspråk. Vi har heile vegen stått fritt i val av målform og jamvel blitt oppmuntra til å bruke nynorsk i det daglege arbeidet vårt. Den fridomen set eg stor pris på, seier Guri Kulås.

Juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar gjev òg litt ros til avisa. – Klassekampen aukar opplaget, samstundes som avisa har vore leiande i å bruke nynorsk, som ei av få riksaviser. Årets tildeling er dermed òg ein flik av heider til ei riksavis som har gått føre i å vise at vi kan skrive om alt på nynorsk.

Ei glede å gje prisen

Om Guri Kulås seier juryen at ho kombinerer eit høgt språkleg nivå med eit høgt fagleg nivå. Ho skriv ledig og oppfinnsamt, og samstundes klart og presist.  – Fagleg deler ho vurderingane sine av estetiske sider ved filmane på ein måte som gir lesaren innsikt i dette kunstuttrykket, og ho gjer det tilgjengeleg og forståeleg for eit filmfagleg uskulert publikum. Som filmjournalist i ei riksdekkande avis bidrar Kulås til å gjere nynorsken til ein naturleg og integrert del av eit breitt og populærkulturelt uttrykk. Kombinasjonen av stringent språk, lyttande haldning til kunstverkets under- og overtonar, og ei evne til å ta aktuelle samfunnsspørsmål på kornet, gjer det til ei glede for denne juryen å gi prisen til Kulås.

Ein gullpenn med overskot

– Jens Kihl skriv leikent og underhaldande, har blikk for detaljar, og teft for gode saker. Fleire av sakene hans har sett politisk dagsorden, og har levd vidare i andre media og i Stortinget, skriv juryen. Dei meiner at Jens Kihl føyer seg inn i den særeigne nynorske journalisttradisjonen som kombinerer lett med tungt, humor med alvor. På sitt beste er Kihl ein gullpenn med stort overskot. – Det siste året har Klassekampen drive folkeopplysing om kommune- og regionreforma, og Jens Kihl har stått heilt sentralt i det arbeidet. At han har greidd kunsten å gjere desse reformene til interessant og underhaldande lesnad er i seg sjølv god nok grunn til at han fortener denne prisen, skriv juryen.

Dette er den siste tildelinga frå noverande jury for Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. Der er kommunikasjonssjef Håkon Haugsbø leiar, og han har med seg forfattar/journalist Agnes Ravatn og redaktør Svend Arne Vee.

Stas å dele prisen

– Dette var litt av ei overrasking! Eg er overvelda, og det er ekstra stas å kunne dele prisen med ein svært dyktig kollega i avisa, seier Jens Kihl. Han er fødd i 1986 og kjem frå Ullevål Hageby i Oslo. For Kihl er det å skrive nynorsk eit politisk standpunkt. Han har vore leiar av Norsk Målungdom, og er nestleiar i Noregs Mållag, Han er òg leiar for NJ-klubben i Klassekampen på fjerde året.

Guri Kulås er fødd i 1967, og kjem frå Levanger. – Eg gjekk på eit av dei siste kulla som hadde nynorsk som opplæringsmål i heimkommunen min, fortel Kulås. Ho er glad for prisen både personleg og på avisa sine vegner. – Når ein driv som kritikar, slik eg gjer, fell ein lett utanfor alle prissjangrar. Trudde aldri at eg skulle få ein slik pris. Men aller mest stas synst eg det er for avisa, der nynorsk og bokmål er jamstilt, og nynorsk vert brukt i alle sjangrar, seier Guri Kulås.

Sjå grunngjevinga her