24. november 2016

Dette er kull 26

Dette er kull 26: Sigrid Sørumgård Botheim, frå Lesja i Oppland, Espen Breivik, frå Volda i Møre og Romsdal, Aleksander Båtnes, frå Fiskarstrand i Møre og Romsdal, Wibeke Bruland, frå Utvik i Sogn og Fjordane, og Snorre Sandemose, frå Gulen i Sogn og Fjordane.

Det var 33 søkjarar til kull 26 med nynorskpraktikantar, 19 menn og 14 kvinner. Vi har hatt 13 av søkjarane inne til intervju, språk- og studiotest. Med dette kullet har vi tilsett til saman 130 nynorskpraktikantar sidan starten for 12 år sidan. Kull 26 skal byrje på opplæringa i Førde 4. januar og er ferdige til 1. juli 2017. Ein av dei vi tilsette i starten av november trekte seg av familiære grunnar, og det medførde at ein ny fekk plass. Dette er bakgrunnen til kull 26:

Sigrid Sørumgård Botheim (1985), frå Lesja i Oppland, busett i Oslo. Ho er i ferd med å fullføre ein master i kultur- og samfunnsfag ved Universitetet i Oslo, med nordisk litteratur som studieretning. Ho har også ein bachelor i musikk frå NTNU i Trondheim.

Botheim er sjølvstendig næringsdrivande innan litteratur og musikk. Ho er både organist, pianist og akkompagnatør. I 2009 gav ho ut romanen Ramstein pensionat (Samlaget), saman med systera Guri Sørumgård Botheim. Dei var Festspeldiktarar ved Dei nynorske festspela i 2013, saman med Lars Petter Sveen. Dei to systrene reiser også rundt i landet og opptrer med eigne tekstar og musikk, og dei skriv fast for vekeavisa Dag og Tid.

Sigrid Sørumgård Botheim har vore redaktør for litteraturtidsskriftet Ratatosk, medlem i redaksjonsrådet for tidsskriftet Norsklæraren, og styremedlem i Oslo mållag og Kringkastingsringen.

Espen Breivik (1992), frå Volda på Sunnmøre, busett i Oslo. Breivik har nett gått av som leiar for Røde Kors Ungdom i Norge, eit verv han har hatt i to år. Han har vore aktiv i organisasjonen i nær 10 år, fyrst lokalt i Volda og Møre og Romsdal, dei siste fem åra på landsplan. Heime i Volda var han innom AUF og SV, men er ikkje lenger partipolitisk aktiv.

Av utdanning har Breivik eit årsstudium i drama og teater ved Høgskulen i Volda, og fleire emner i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, mellom anna: politisk teori, innvandring og integreringspolitikk. Det politiske systemet i Norge frå 1814 til i dag, offentleg politikk og administrasjon, og EU som politisk system.

Breivik har vore tilkallingsjournalist og fotograf for lokalavisa Møre, frilansjournalist for nettstaden Framtida.no, redaktør for ungdomsbladet/nettstaden Pusj, i Natur og ungdom.

Aleksander Båtnes (1992), er frå Fiskarstrand, Sula kommune, i Møre og Romsdal. Han har ein baschelor i Experiens & Event Design ved Westerdals høgskule i Oslo. Det er ei utdanning prega av marknadskommunikasjon og prosjektleiing, med fokus på opplevingar.

Båtnes har jobba som journalist i P3 og har mange år bak seg som programleiar i Radio Ålesund. Der hadde han ansvaret for å planlegge og gjennomføre ei dagleg sending på åtte timar.

Wibeke Bruland (1984), frå Utvik, Stryn kommune, i Nordfjord. Ho har teke forfattarstudium, både ved Høgskulen i Telemark og ved Universitetet i Tromsø. Ho har også studert spansk og filosofi ved Gateway College på Cuba, og kunst, media og kommunikasjon ved NTNU i Trondheim.

Bruland har arbeidd ved turistmål i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre, vore fjellturguide på Tenerife og køyrt turistar med hundeslede nord i Finland. Ho har skrive artiklar på nynorsk for reisemagasinet Vagabond og delteke i internasjonale kunstprosjekt på Island. Ho har vore deltakar på Latin-Amerikagruppene i Norge (LAG) sin solidaritetsbrigade til Bolivia. Bruland er svært oppteken av natur, miljø og dyr, og har arbeidd ti sesongar ved Langedrag Naturpark.

Snorre Sandemose (1983), frå Gulen i Sogn og Fjordane, busett i Oslo. Sandemose har bachelor i historie, med spansk som støttefag, frå Universitetet i Oslo, og ein bachelor i russisk språk og kultur, frå Universitetet i Bergen. Han har gått Ingesunds Folkhögskola i Sverige, og vidaregåande gjekk han på UWC i Sør-Afrika (Waterford Kamhlaba United World College of Southern Africa).

Sandemose har vore reiseleiar og guide for Escape Travel og Nytt & Nyttig, og han er Oslo-guide. Han har leia elvecruise mellom St. Petersburg og Moskva, på Dnepr frå Kiev til Krimhalvøya, samt på Seinen, Rhinen og Donau. Han har også vore reiseleiar med tog og buss gjennom Silkevegen.

For Nytt & Nyttig har han vore guide på ti ulike reisemål, på tre kontinent, i ni år på rad. Fyrste sommarjobben hadde han på Nynorsk antikvariat i Fjærland. Han er ihuga nynorsking, og kan elles svensk, russisk og spansk, og litt tysk og polsk.