3. november 2017

Dette er praktikantane på kull 28

Dette er nynorskpraktikantane som startar på kull 28 på nyåret: Anders Martin Helle frå Sogndal, Turid Astrid Reksten frå Florø, Sigrid Sivertsen Haugan frå Levanger, Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal frå Utvik og Fredrik Johan Helland frå Florø.

Anders Martin Helle er 23 år gamal og kjem frå Sogndal. Han  gjekk medium og kommunikasjon på vidaregåande. Så tok han eit årsstudium i film og fjersynsvitskap og han har ei bachelorgrad i dokumentarfilmproduksjon ved Høgskulen på Lillehammer.

Turid Astrid Reksten er 34 år og kjem frå Florø. Ho arbeider som feltprest i forsvaret.  Ho har tenestegjort i Sjøforsvaret, Hæren (Grensevakten), Forsvarets sanitet, andre fellesavdelingar, FN og NATO. No sit ho i marinestaben i Bergen og har i haust ansvar for pastoral oppfølging av flaggfartyet i NATO sin ståande maritime styrke, SNMG1, der Noreg har styrkesjef.

Sigrid Sivertsen Haugan er 23 år gamal og kjem frå Levanger i Nord-Trøndelag. Ho er bachelorgradstudent i sosialantropologi ved NTNU Trondheim, med breddeårsfordjupning i arabisk språk og Midtausten-studier frå Birzeit University i Palestina. Nett no tek ho det siste semesteret av graden sin ved American University of Beirut, Libanon. Her blir ho fram til starten av desember.

Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal er 27 år gamal og kjem frå Utvik i Stryn. Ho har ei bachelorgrad i historie og ei bachelorgrad i russisk språk frå Universitetet i Bergen, pluss ei mastergrad i Europeiske og amerikanske områdestudium med studieretning Russlandstudium frå Universitetet i Oslo. Inneverande haust tek ho enkeltemner hjå UiO for å supplere og få eit endå breiare grunnlag. Ho tek difor fag om Midtausten og offentleg politikk og administrasjon i Norge.

Fredrik Johan Helland er 27 år gamal og kjem frå Florø. I dag jobbar han som innleigd hos Statoil Petroleum i Florø. Her har dei ansvar for booking av personell til og frå alle Statoil sine faste installasjonar på norsk sokkel, samt tildeling av beredskap, livbåt og lugar. Dette vendte han tilbake til etter at plikttenesta hans hos Avinor gjekk ut desember 2016. Då hadde han arbeidd i Finnmark i 14 månadar. Helland har også bakgrunn som tidlegare politisk aktiv, mellom anna har han vore leiar for Flora Unge Høgre og bystyrerepresentant i Flora kommune.

NRK Nynorsk mediesenter hadde 21 søkjarar, og hadde ti av dei inne til konferanse. Kull 28 startar i Førde tidleg i januar 2018. Her ventar to månadar med kursing og opplæring, før dei skal ha to månadar med praksis ved NRK Sogn og Fjordane. Deretter ventar to månadar med praksis ved ein annan redaksjon i NRK.