1. februar 2017

Digital historieforteljar

Sølve Rydland er tilsett i ein ny jobb i programavdelinga i NRK Hordaland, som digital historieforteljar. Han skal arbeide med dokumentar- og faktaprosjekt. – Publiseringa skal først og fremst vere tekst, bilete, lyd og video på nett, men prosjekta kan óg enda opp som podcast, i radio eller fjernsyn. Eg gler meg til å kunne grava meg ned i større prosjekt, og å utvikla meg sjølv som forteljande journalist, seier Sølve Rydland.

Sølve Rydland (1984) gjekk på det tredje kullet med nynorskpraktikantar, 2005/06. Han hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt, og var tilkallingsvikar i NRK Hordaland medan han studerte samanliknande politikk i Bergen. Han fekk fast jobb der i 2010. Rydland har hatt allsidige oppgåver som journalist, med politikk og sport som ein litt sjeldan kombinasjon av fagfelt. Han har også vore kommentator, vaktsjef og reportasjeleiar i NRK Hordaland