21. mars 2017

«Evig ung» med Solveig Hareide

Torsdag 23. mars kl. 20.25 har NRK1 og programleiar Solveig Hareide premiere på serien «Evig ung». I fem program skal ho utforske kva ho sjølv kan gjere for å leve lenge og godt, og kva forskarane kan hjelpe henne med. Svara ho får er meir optimistiske enn ho kunne drøyme om, heiter det i presseomtalen. Solveig Hareide gjekk på det andre kullet med nynorskpraktikantar i 2005, og har leia fleire programseriar om forsking.

Aldring har vore forska på lenge, men fyrst no er vi i ferd med å skjøne kva aldring er, og kan gjere noko med det. Mange trur at vi snart kan bli 150 år, og nokon trur endå meir. Forskarane har dobla livslengda til dyr, og spørsmålet er om det snart er menneske sin tur?

I serien møter Solveig Hareide dei fremste forskarane i verda på aldring, og folk som gjer ekstreme ting for å leve lenge. Fyrste programmet i serien stiller spørsmålet «Må vi eigentleg dø?», og det andre «Korleis kan vi bremse det kroppslege forfallet?». Det tredje programmet handlar om «100-åringen si hemmelegheit», det fjerde om «Nøtter og pillar for eit langt liv», og det siste har fått tittelen «Lenge leve hjernen».