28. april 2017

Farvel til Førde

Det 26 kullet har reist frå Førde, og med dei har vi sendt frå oss 130 nynorskpraktikantar. Dei to siste månadane har dei ekstern praksis i ulike NRK-redaksjonar frå Finnmark til Oslo.

Kullet takka for seg ved å spele av ei sjølvlaga radiosending som dei kalla «Framfus». Med den fekk dei fortalt at dei har lært mykje på desse fire månadane i Førde, og at ein må vere litt framfus for å vere nynorskpraktikant.

– Det er alltid kjekt for redaksjonen å få praktikantane i praksis i redaksjonen. De var raske med å levere stoff og har gjort ein solid jobb for oss, sa redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske då han takka for innsatsen deira i redaksjonen.

Magni Øvrebotten oppmoda dei om å syne kva dei er gode for der dei kjem, og takka samstundes redaksjonen i NRK Sogn of Fjordane for å ta så godt imot praktikantane.

Med kull 26 har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 130 nynorskpraktikantar. Av dei 125 som er ferdige har 60 prosent arbeid i media, 49 prosent i NRK. Kull 26 spreier seg godt utover landet i ekstern praksis: Espen Breivik skal i avdelinga for økonomi og politikk i NRK Nyhende, Wibeke Bruland til NRK Finnmark og Aleksander Båtnes til NRK Møre og Romsdal. Sigrid Sørumgård Botheim skal til Kulturnytt i NRK P2 og Snorre Sandemose får praksis i NRK Sogn og Fjordane.