25. januar 2017

Fast jobb for andre gong

Kjersti Anderdal Bakken har fått fast jobb i NRK for andre gong på to månader. Det er rekord. Denne veka vart ho fast tilsett i magasinredaksjonen i NRK P1 på Tyholt. Ho har arbeidd i Norgesglasset sidan ho var der i praksis i september og oktober i fjor. – I november fekk ho fast jobb i Trafikkredaksjonen på Tyholt, men føremålet var mest å sikre seg talentet Kjersti. Eg er glad for at det vert tenkt slik, så slepp vi å søle vekk dei beste talenta, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Kjersti Anderdal Bakken gjekk på kull 23 med nynorskpraktikantar, 2015/16. Ho fekk forseinka ekstern praksis i Norgesglasset i september og oktober, fordi ho måtte ta ein kneoperasjon før ho kunne starte. Saman med resten av kull 23 skulle ho hatt ekstern praksis i januar og februar. I fjor sommar var ho sommarvikar i Nattradioen, som programleiar.

Ho er fødd i 1990 og kjem frå Gol i Hallingdal. Har Master i musikkvitskap frå NTNU, med andreforjuping i mediefag. Masteroppgåva hennar handla om musikkstrategien i NRK radio. Før ho vart nynorskpraktikant hadde ho vore sommarvikar og frilansar for lokalavisa Hallingdølen, og arbeidd i studentmediene i Trondheim. Der var ho med i musikkredaksjonen, Radio Revolt, både som musikkredaktør, journalist og sendeteknikar.

Fleire faste på Tyholt
Det er etter kvart ein liten flokk med tidlegare nynorskpraktikantar i NRK på Tyholt: Solveig Hareide (kull 2), programleiar for vitenskapsprogram, Erling Molt Korsnes (kull 9), programleiar for Nattradioen/Radiolangs og Nonstop (P1+). Mari Langva (kull 12), producer i Newton og språkkontakt for nynorsk på Tyholt, Hilde Zahl (kull 13), programleiar for Kveldsåpent, Hanne Våge (kull 18), vaktsjef/reporter i P3.no og Kjersti Anderdal Bakken (kull 23) i Norgesglasset. Desse seks er fast tilsette. I tillegg er Lars Erik Andreassen (kull 15) vikar for producer i Newton og Krista Lien Indrehus (kull 25) har for tida praksis i Norgesglasset.