17. november 2017

Fast jobb i Bergens Tidende

Adalheidur Oldeide har fått fast jobb som journalist i Bergens Tidende. Ho er tilsett i krimavdelinga/nyhendeavdelinga. – Faste jobbar veks ikkje på tre, så det var veldig kjekt, seier Adalheidur Oldeide. Medrekna Oldeide har åtte tidlegare nynorskpraktikantar fått fast arbeid i 2017, fire ved distriktskontor i NRK, to i avis og to nettavis.

Adalheidur Audardottir Oldeide var nynorskpraktikant på kull 18, våren 2013. Ho hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt og har etterpå arbeidd i NRK Hordaland, Bergens Tidende og NRK Sogn og Fjordane.

Adalheidur er halvt islandsk og før ho byrja som nynorskpraktikant hadde ho arbeidd for Leger uten grenser sidan 2008. Der var ho presseansvarleg for Hordaland og prosjektkoordinator for Vestlandet og Trondheim. Det medførde leiar- og personalansvar for omlag 15 tilsette.

Oldeide har eit årsstudium i medievitskap frå Universitetet i Bergen og var aktiv som nyhendejournalist i Studentradioen medan ho studerte.