6. april 2017

Fast jobb i Førde

Solveig Svarstad har fått fast jobb som journalist i NRK Sogn og Fjordane. – Vi har sjeldan hatt ein medarbeidar som på så kort tid har gjort kometkarriere i NRK. I løpet av det siste året har ho vore programleiar på radio, jobba som reporter på nett og radio og vikariert i Vestlandsrevyen, seier redaksjonssjef Linda Olin Reite i NRK Sogn og Fjordane.


Solveig Svarstad (1989) var nynorskpraktikant på kull 24, våren 2016. Ho hadde praksis i NRK Sogn og Fjordane og fekk eit lengre vikariat der etterpå, som journalist og programleiar. Svarstad er frå Bremanger og har mastergrad i medievitenskap frå Universitetet i Bergen. Ho skreiv masteroppgåve om samanslåinga av Edda Media og A-pressen til Amedia.

– Eg er sjølvsagt glad for fast jobb, men eigentleg trur eg ikkje det har gått opp for meg enno. Først og fremst er eg takknemleg, og no gjeld det å syne at eg fortener den faste jobben, seier Solveig Svarstad.

Av dei som gjekk på kull 24 har no tre av fem fast jobb. Martin Torstveit i NRK Telemark, og Aleksander Åsnes og Solveig Svarstad i NRK Sogn og Fjordane. – Det er sjeldan at så mange frå eitt kull får fast arbeid så raskt, og særleg no om dagen heng dei faste jobbane høgt i media, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Ho poengterer at dei to andre på kullet er vikarar i NRK, May-Helen Rolfsnes i NRK Hordaland og Martha Våge i NRK P2.