28. juni 2017

Fast jobb i VTB

Olav Åsen Haugsgjerd har fått fast jobb som journalist i Vest-Telemark Blad. Han gjekk på kull 22 med nynorskpraktikantar, våren 2015 og hadde praksis og tilkallingsvikariat i NRK Sørlandet etterpå. Siste året har han studert historie ved Universitetet i Bergen.

Haugsgjerd (1988) kjem frå Grendi i Setesdal og har vore frilansjournalist i Setesdølen frå 2003 til 2007. Han hadde to års mediutdanning frå Norges Kreative Fagskole før han gjekk NRK Nynorsk mediesenter. Haugsgjerd byrjar i Vest-Telemark Blad over sommaren.