23. mai 2017

Fekk fast jobb etter fem år

– Det er første gong i livet at eg har fast jobb, og det kjennest bra ut. Det er fint å kunne tenkje litt meir langsiktig, seier Wilhelm Støylen, som har fått fast jobb i Førde. Han gjekk på kull 16 med nynorskpraktikantar, våren 2012.

– Det er veldig kjekt å få fast jobb i NRK Sogn og Fjordane. Her jobbar det ein ung, engasjert og kvalitetsbevisst gjeng som det er fint å vere ein del av. Wilhelm Støylen hadde praksis i Nitimen, og har seinare arbeidd i Nitimen, NRK Møre og Romsdal, Kveldsåpent og Norgesglasset etterpå. Frå september 2016 har han vore vikar i NRK Sogn og Fjordane.

– Eg har jobba i ulike redaksjonar i NRK og utanfor. Stort sett har det handla om å fortelle historier. Og det er det eg likar å gjere. Det har vore bra å jobbe ulike stadar og eg har lært mykje, men samtidig skal det bli fint å vite at eg kan tenkje litt lenger framover ein stad. Eg gler meg til tida som kjem!

I NRK Sogn og Fjordane skal han både jobbe med nyhende og lage nynorsk barne-tv for NRK Super.

Wilhelm Støylen er utdanna skodespelar og har frilansa både som journalist og skodespelar. Han var programleiar i NRK Super i to år før han vart nynorskpraktikant.