14. november 2017

Fekk fast jobb etter to år

Thomas Brakstad (28) er tilsett som journalist i distriktsredaksjonen til NRK Sogn og Fjordane.

To år etter at han var nynorskpraktikant, har Thomas Brakstad fått fast jobb i NRK. Foto: Rune Fossum Lillesvangstu

-Eg har aldri hatt fast jobb, så det er litt spesielt. Skrekkblanda fryd, for å seie det slik, smiler Thomas Brakstad.

28-åringen gjekk på kull 23 hausten 2015, og har sidan hatt diverse vikariat i sporten før han kom til NRK Sogn og Fjordane i vikariat i januar i år. Der har han hatt dei aller fleste roller unnateke programleiar – inkludert vaktsjef på alle plattformer. Han var blant sju søkjarar til den faste stillinga som vart lyst ut i haust – og måndag vart det klart at Brakstad no er fast tilsett i NRK.

-Det er sjølvsagt ei god kjensle, samstundes som det er litt skummelt. No må eg vel late som er har blitt vaksen, ler Brakstad.

Thomas Brakstad (1989) er frå Meland i Hordaland. Han byrja som frilansar i lokalavisa Strilen allereie som 16-åring. Han har vore innom sportsredaksjonane til BT, BA og VG Nett som frilansar. Seinare tok han bachelor i journalistikk ved Queensland University of Technology i Australia. Der fekk han prøve seg som reporter på TV og radio for første gong. Hausten 2015 var Brakstad på kull 23 ved NRK Nynorsk mediesenter. To år seinare har han altså fått sin første faste jobb.

-No skal eg gunne på og bidra til at redaksjonen syner godt att på riks. Dette er ei satsing her, og det har gått veldig bra den siste tida. Det må vi halde fram med, seier Brakstad.