9. oktober 2017

Fekk fyrste tv-saka si på Dagsrevyen

Med ei TV-sak om ein app som hindrar matsvinn, fekk Arianrhod Engebø og Linda Watten full utteljing. Dei debuterte på Veslandrevyen og Dagsrevyen med den aller fyrste tv-reportasjen sin. I tillegg var nettsaka deira den mest leste på NRK torsdag 5. oktober

– Det er utruleg stas og overraskande, seier Arianrhod Engebø og Linda Watten.

Watten var fyrst skeptisk til å reise ut for å filme, redigere og legge kommentar heilt åleine, men dette gav meirsmak og no er ho gira på å lage fleire tv- reportasjar.

Heile kullet samla seg rundt tv-skjermen for å få med seg debuten på Dagsrevyen.

– Det var full jubel, sjølvsagt, fortel debutantane.