Eva Marie Felde (Foto: Arne Stubhaug/NRK)
15. februar 2017

Eva Marie Felde sluttar i NRK

Eva Marie Felde er tilsett som formidlingsleiar ved Nordfjord folkemuseum, og sluttar i NRK Sogn og Fjordane. Ho byrjar i den nye jobben på Sandane 2. mai. Felde har vore fast tilsett i NRK Sogn og Fjordane sidan 2015, men arbeidde der i fleire år som vikar før det. Eva Marie Felde bur med familien sin på Breim, og har pendla til turnusarbeid i Førde. Ho grunngjev byte av jobb med at det er lettare å få dagane til å strekke til med jobb på Sandane, enn i Førde.

Eva Marie Felde gjekk på kull sju med nynorskpraktikantar, 2007/2008 og arbeidde i Dagsnytt, Her og No og Kulturnytt etterpå. Vidare var ho informasjonsrådgjevar i Datatilsynet og trainee ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, før ho vende attende til distriktskontoret i Førde.

Felde har ein master i Politikk og kommunikasjon ved London School of Economics, og ein bachelor i samfunnsvitskaplege fag med vekt på japansk. Ho studerte statsvitskap ved NTNU i Trondheim og japansk ved Universitetet i Bergen. Ho budde eit år i Japan som utvekslingsstudent medan ho gjekk på Firda vidaregåande skule.