19. september 2017

Seks faste jobbar

Til denne tid i år har seks tidlegare nynorskpraktikantar fått fast arbeid i media. Tre i NRK, to i nettaviser og ein i avis. I tillegg har tre fått fast jobb i kommunikasjonsbransjen.

NRK Nynorsk mediesenter har lært opp 130 nynorskpraktikantar og 58 prosent av dei arbeider i media, 45 prosent er i NRK. 54 tidlegare nynorskpraktikantar har fast arbeid i media og 44 av dei arbeider i NRK. I NRK fordeler dei seg nokså jamt mellom distriktskontora og riksnettet (Marienlyst og Tyholt).

Det er folk frå oss ved distriktskontora langs heile kysten frå Finnmark til Rogaland, og i Telemark, Oppland og Oslo. På riksnettet er det folk herifrå i mellom anna Dagsnytt, Dagsrevyen, Utanriks, Sporten, NRK Super, P1, P2 og P3.

Utanfor NRK har dei jobbar som nyhendeanker i TV2, nyhenderedaktør i Nationen, gjestebookar i Senkveld i TV2, frontredigerar i Dagens Næringsliv, og journalistar i fleire nett-, lokal- og regionaviser.

Andre arbeider som informasjonsmedarbeidarar og rådgjevarar i til dømes: Barne-og likestillingsdepartementet, Språkrådet, Valdirektoratet, Røde Kors, Kirkens Nødhjelp, Skatt Vest, Norges Bondelag, Norske Kunstforreninger, Sp si stortingsgruppe og Netlife Research.

Bilete er av noverande kull, som er under opplæring. 24. oktober byrjar dei i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Kull 27 skal vere i Førde til jul og har ekstern praksis elles i NRK frå 3. januar til og med 28. februar 2018.