15. juni 2017

Fire av fem held fram

– Fire av fem praktikantar på kull 26 held fram i sommarjobbar på ein til to månader, men deretter er det ingen som veit kva hausten byr på. Slik er stoda i NRK no, men det gjeld å halde motet oppe. Eg håpar og trur det vil ordne seg for fleire, seier Magni Øvrebotten etter å ha vore på rundreise til kull 26 i ekstern praksis.

Nynorskpraktikantane har praksis i NRK Finnmark, NRK Møre og Romsdal, NRK Sogn og Fjordane, Kulturnytt i NRK P2 og Økpol, avdelinga for økonomi og politikk i NRK Nyhende. Dei er ferdige 30. juni.

Wibeke Bruland har fått sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane, Aleksander Båtnes i NRK Møre og Romsdal, Sigrid Sørumgård Botheim i Kulturnytt og Espen Breivik i Økpol. Dei tre siste i same redaksjonane som dei hadde ekstern praksis i.