2011 - Njord V. Svendsen

2011 – Njord V. Svendsen

Fødd 1973. Frå Brattvåg på Sunnmøre. Slutta som journalist i Bergens Tidende ei veke før juryen gav han denne prisen. Etter 5-6 år som mellombels tilsett i avisa ynskte han seg fast arbeid, og byrja som kommunikasjonsrådgjevar for NIFES – Nasjonalt  Institutt for ernærings- og sjømatforsking i Bergen.

Juryen seier mellom anna dette om prisvinnaren:- Njord V. Svendsen har dei siste åra markert seg som ein av dei ypparste feature-, reportasje- og portrettjournalistane i Noreg uavhengig av målform. Det er difor ekstra gledeleg at han skriv på nynorsk.

Han er ein kresen stilist, og tekstane er gjennomgåande av høg litterær kvalitet: han har utvikla ei eiga røyst som lesarar av Bergens Tidende no straks vil kjenne att. Dei er virtuose, men aldri prangande eller pompøse. Dei er jordnære, men til same tid undrande og spørjande. Tekstane står seg over tid.

Juryleiar Gry Molvær overrekte prisvinnaren 50.000 kroner og eit grafisk trykk av Oddvar Torsheim.

Årrapporten 2011 (374 downloads)