2016 - Jon Hustad

2016 – Jon Hustad

Nynorskpris til Jon Hustad

TV2-profilen, Dag og Tid-journalisten og debattanten Jon Hustad får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2016. – Hustad har skarpe anlyser, ein skarp penn – og ei skarp tunge. Han kan oppfattast som ein rabulist, men han inntek ofte rolla som folkedjupet sin velutdanna talsmann, skriv juryen. Jon Hustad er glad og forundra over å få prisen.

Om prisvinnaren seier juryen at Jon Hustad er ein uredd journalist som baserer seg på fakta og grundige undersøkingar når han vågar å utfordre det politiske korrekte og stille spørsmål ved etablerte sanningar. Hustad har markert seg som ei kritisk og viktig røyst i den norske samfunnsdebatten, både i avis, på TV og i sosiale medier.

Hustad sjølv hadde ikkje rekna med å få ein målpris:
– Eg er veldig glad, men også veldig forundra. Eg har alltid oppfatta nynorskrørsla å vere langt til venstre i det politiske landskapet. Der er ikkje eg. Difor hadde eg ikkje rekna med å få ein slik pris. Men eg takkar ja med begge hender, seier Hustad.

Juryen omtalar i grunngjevinga si Hustad som ein kunnskapsbasert kranglefant som brukar eit godt og levande nynorsk for å fremje sakene og meiningane sine. «Han er stødig i framføringa både i skrift og tale, og brukar nynorsk på ein måte som syner at målforma ikkje berre eignar seg til nasjonalromantikk og lyrikk, men også til meiningsbryting og tung tids tale», som det heiter i grunngjevinga.

«Hustad har skarpe analyser, ein skarp penn – og ei skarp tunge. Han kan oppfattast som ein rabulist, men han inntek ofte rolla som folkedjupet sin velutdanna talsmann», skriv juryen.Hustad svarar slik på omtalen:
– Å vere reaksjonær no for tida er så slitsomt at til og med eg framstår som moderat.

Kulturdepartementet si Nynorskpris for journalistar blir delt ut på Dei nynorske festspela i Ørsta  24. juni. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk. Kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp, Håkon Haugsbø, er leiar for juryen og har med seg redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten og forfattar/journalist Agnes Ravatn. Ho var ikkje med på den avgjerande runda om Hustad skulle få prisen, då ho er kollega med han i Dag og Tid.

Bakgrunn Jon Hustad

Jon Hustad er fødd i 1968 og kjem frå Hjørundfjorden i Ørsta, busett i Asker. Han har hovudfag i historie frå Universitetet i Oslo. Jon Hustad har vore journalist i Klassekampen, forskingsredaktør i Morgenbladet og journalist i Dag og Tid sidan 2007. Han har gjeve ut åtte bøker. Hustad var programleiar for aktualitetsprogrammet Harde fakta på TV 2, saman med Elin Ørjasæter, og sidan 2015 har han vore fast deltakar i debattprogrammet Underhuset i TV 2 Nyhetskanalen.