NRK Nynorsk mediesenter

NRK Nynorsk mediesenter

Vi held til i Førde og deler hus med NRK Sogn og Fjordane. Senteret er drive av NRK, som brukar vel 4. mill. kroner i året på oss. Vi er tre fast tilsette, ein leiar og to faglærarar. Lærarane leiger vi også ut til NRK Sogn og Fjordane, for at dei skal vere oppdaterte på det dei skal lære frå seg. Føremålet med NRK Nynorsk mediesenter er å lære opp nynorskbrukande journalistar for radio, fjernsyn og nett. Vi tek inn to kull i året, med fem plassar på kvart. Praktikantane har løn i opplæringstida.

NRK Nynorsk mediesenter starta i 2004 og er modell for både NRK FleRE i Oslo og Nynorsk Avissenter i Førde. FleRE har lært opp fleirkulturelle journalistar sidan 2008 og er drive av NRK.

Nynorsk Avissenter byrja 19. august 2013 med opplæring av nynorskbrukande journalistar for avis og nett, med den største nynorskavisa i landet, Firda, som base.

I byrjinga var det Amedia, Vinjefondet, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane som stod bak Nynorsk avissenter. Men på statsbudsjettet for 2015 fekk Nynorsk avissenter 2,2 mill. kroner, etter mykje hardt arbeid både frå stiftarar og politikarar.  Firda Media og eigarane Amedia gjekk inn med 600.000 kroner i drifta.