Nynorsk mediesenter - frå ide til røyndom

Nynorsk mediesenter – frå ide til røyndom

Nynorsk mediesenter var vedteke før det var utgreidd. Det var ein ide som synte seg å vere på rett plass til rett tid. Han bygde på mange års oppal av nynorskbrukande journalistar, og vart boren fram av folk som veit at ingenting gjer seg sjølv. 

NRK Sogn og Fjordane eksporterte vel 50 nynorskbrukande journalistar frå 1990-2000, som drog vidare til andre riks- og lokalredaksjonar i NRK, TV2 og fleire aviser. Distriktskontoret satsa medvite på nyhende og folk med lokale dialektar/nynorsk. Det vart eit kvalitetsstempel å ha vore ved kontoret i Førde, og det var rift om gode nyhendejournalistar som brukte nynorsk.

For kvar ein som reiste starta rekrutteringa og opplæringa av nye talent, ofte frå grunnen av. For den faste kjera av tilsette var det eit slit, i tillegg til å vere journalistar i radio, fjernsyn og på nett, måtte dei vere lærarar for stadig nye kollegaer. Enkelte i NRK kalla det «Førdeskulen», og i 1996 vart opplæring av ein nynorskpraktikant i åtte månader lagt til kontoret.

Alt i 1992 lanserte NRK Sogn og Fjordane at den då nedlagde ordninga med nynorskpraktikantar i Oslo skulle takast oppatt og leggast til Førde. Kringkastingssjef Einar Førde likte ideen, men sidan Førde-kontoret alt var peika ut til prøvekontor for distriktsfjernsyn, saman med NRK Hordaland, våga han ikkje legge meir til Førde. Det kunne fort bli mistanke om forfordeling, så ideen frå Førde vart lagt til NRK Møre og Romsdal i Ålesund.

Sukra pille

Då Arve Sandal i 2001 slutta som redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, etter til saman ni år i jobben, lanserte han eit Nynorsk kompetansesenter lagt til distriktskontoret i Førde. Føremålet skulle vere rekruttering og opplæring av nynorskbrukande journalistar. Kontoret hadde alt lenge synt at det hadde den kompetansen som skulle til, meinte han. Forslaget vekte ingen åtgaum i NRK. Vi masa for døve øyre.

Sommaren 2002 føreslo dåverande nyhende- og distriksdirektør Anne Aasheim i NRK å legge distriktskontoret i Sogn og Fjordane under NRK Hordaland, med sams redaktør og administrasjon i Bergen. Det vekte eit sterkt folkeleg opprør i fylket, som vart lagt merke til politisk. Det vart også ideen om Nynorsk kompetansesenter, som vart brukt som eitt av argumenta for å behalde eit sjølvstendig distriktskontor i Sogn og Fjordane.

26. august 2002 sukra styret i NRK pillen om samanslåing av dei to distriktskontora med at det skulle opprettast eit Nynorsk kompetansesenter i Førde, «som ivaretar de særlige oppgavene som Førde har i forhold til nynorsk språk og kultur». Forslaget kom på styremøte.

Styrevedtaket om samanslåing av sju sjølvstendige distriktskontor til tre vart, same dagen, mellombels stoppa av dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland. Ho var skeptisk til samanslåinga av Finnmark med Troms, og Sogn og Fjordane med Hordaland. Dette var distriktssendingar med svært stor oppslutning og dei dekte område med eit langt mindre medietilbod enn elles. Ho ville ha på bordet fylgjene av samanslåingane i Trøndelag og Hedmark/Oppland før meir kunne skje. Det var stor oppstandelse over at medieministeren ville styre utviklinga, mellom anna frå dåverande kringkastingssjef John G. Bernander.

Både i pose og sekk

NRK Sogn og Fjordane argumenterte med at skulle det vere base for eit Nynorsk kompetansesenter, med opplæring av inntil ti journalistar i året, så måtte det vere eit sjølvstendig distriktskontor, med eigen redaktør og administrasjon. Det vart og peika på at Bergen og nynorsk ikkje nett var synonyme ord.

På styremøte 9. januar 2003 stod styret i NRK fast på alle samanslåingane frå året før, bortsett frå at «sammenslåing av distriktskontorene i Sogn og Fjordane og Hordaland gjennomføres ikke. Styret finner at en sammenslåing av disse redaksjonene vil kunne virke som et hinder for opprettelsen og utviklingen av et nynorsk kompetansesenter i Førde».

NRK Sogn og Fjordane overlevde som sjølvstendig distriktskontor på grunn av ideen om Nynorsk kompetansesenter, og fekk såleis både i pose og sekk. Det hadde nytta å kjempe, og det var vondt å svelge for dei som meinte at det var illojalt og at større einingar var det beste.

Fyrst vedteke – så utgreidd

Utpå våren 2003 oppnemnde NRK ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe til å utgreie Nynorsk kompetansesenter; føremål, oppgåver, namn, organisering og økonomi. Styringsgruppa hadde dåverande distrikts- og utviklingsdir. Erik Berg-Hansen som leiar, Ragnhild Sælthun Fjørtoft var med som dåverandse leiar for Språkutvalet i NRK, og Unni Hansen, som var leiar for NRK Kompetanse.

 Prosjektgruppa hadde denne samansettinga, frå venstre: Arve Sandal, opphavsmann til ideen og banksjef, Ottar Grepstad, direktør Nynorsk kultursentrum, Magni Øvrebotten, leiar og dåverande dkred i NRK Sogn og Fjordane, Jon Peder Vestad, dåverande nynorskkonsulent i NRK, Gry Molvær, journalist og tidlegare nynorskpraktikant og Jan Olav Fretland, dåverande leiar i Norsk språkråd.

Prosjektgruppa hadde denne samansettinga, frå venstre: Arve Sandal, opphavsmann til ideen og banksjef, Ottar Grepstad, direktør Nynorsk kultursentrum, Magni Øvrebotten, leiar og dåverande dkred i NRK Sogn og Fjordane, Jon Peder Vestad, dåverande nynorskkonsulent i NRK, Gry Molvær, journalist og tidlegare nynorskpraktikant og Jan Olav Fretland, dåverande leiar i Norsk språkråd.

Færre nynorskbrukarar i NRK

Rapporten låg føre til jul, og synte mellom anna at talet på nynorskbrukande journalistar i NRK hadde gått attende frå 19 % til 13 % frå 1988 til 2003.

Nynorsk var i fyrste rekkje eit distrikts- og nyhendespråk, medan berre 5 % av dei som arbeidde med barne- og ungdomsprogram i NRK brukte nynorsk. For kvar nynorskbrukande medarbeidar tilsette NRK 10 nye bokmålsbrukarar, og for kvar nynorskbrukande leiar i NRK var det over 30 som hadde bokmål som hovudspråk.

– Stolt nynorsk

vart visjonen: «Nynorsk mediesenter skal medverke til at nynorskfolk vert stolte og glade i dialekten og språket sitt. Då vil dei ta vare på det, kjempe for det og bli ei kraft for den språklege identiteten som nynorsken er».

Gode nynorskbrukande journalistar i etermedia er gode ambassadørar for nynorsken og gjer oss stolte av språket vårt og røtene våre. Nynorsk mediesenter skal ale oppe fleire slike ambassadørar, og det skal drive kursverksemd som skal gjere nynorskbrukarar trygge nok til å bruke språket sitt, og såleis auke det språklege mangfaldet i medie- og samfunnsdebatten .

Dyktig – frodig – framfus

Dette er verdiane Nynorsk mediesenter skal byggje på. Dei skal seie noko om kva senteret vil vere, og kva som skal prege både dei som arbeider ved senteret og dei som vert lærde opp der. Det skal vere kvalitet i alle ledd, slik at dyktig vert omdømet til senteret.

Nynorsk er meir enn eit språk; det er ein identitet, ein kultur og ei historie. Ein trygg språkleg og kulturrell ståstad er viktig for å vere open for nye impulsar, og for å ta sjølvstendige val. Nynorsk språk og kultur har ein frodig tradisjon som Nynorsk mediesenter skal byggje vidare på og gje nynorsken innpass på nye område.

Nynorskbrukarar må vere dyktige for at språket ikkje skal bli brukt mot han. Då nyttar det ikkje å stå med hua i handa, ein må vere litt framfus, i den positive tydinga av ordet. Våge å merke seg ut, stå for noko og vere noko.

NRK Nynorsk mediesenter må ha eit godt omdøme for å lukkast. Det kan senteret berre få ved at praktikantane  held eit høgt nivå. For å oppnå det må det vere kvalitet i alle ledd, ikkje minst hjå dei tilsette og når det gjeld innhaldet i senteret.

I Kulturmeldinga

Nynorsk mediesenter vart også nemnt i Kulturmeldinga som regjeringa Bondevik la fram i 2003. Der stod det mellom anna at: «God eksponering av nynorsk målbruk i riksdekkjande etermedia er særleg viktig for å profilera nynorsk språk og kultur i det offentlege rommet». Det vil vere fornuftig at desse tre institusjonane utviklar eit tett samarbeid som kan fremja ei viss fordeling av oppgåver  og samordning av større tiltak som skal koma språkbrukarane til gode, og som kan styrkja norsk språk generelt  og nynorsk spesielt». Dei to andre institusjonane det vart synt til var Språkrådet og Nynorsk kultursentrum. 

Tre tilsette

Magni Øvrebotten vart tilsett som leiar av Nynorsk mediesenter frå 18. mai 2004, etter 14 år som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane. Synnøve Hole og Arild Nybø vart dei fyrste lærarane, begge aktive journalistar med bakgrunn frå NRK Møre og Romsdal og NRK Sogn og Fjordane.

Nynorsk mediesenter vart organisert direkte under personaldirektøren i NRK, og det fyrste årlege budsjettet var på vel 3,5 mill.

Frå venstre: Eli Bjelland, Svein Ove Hansli, Inger Johanne Sæterbakk, Maria Olivia Rivedal, Knut Åge Teigen, Magni Øvrebotten, Arild Nybø og Synnøve Hole (Foto/NRK)

Frå venstre: Eli Bjelland, Svein Ove Hansli, Inger Johanne Sæterbakk, Maria Olivia Rivedal, Knut Åge Teigen, Magni Øvrebotten, Arild Nybø og Synnøve Hole (Foto/NRK)

Det var 53 søkjarar til dei fem fyrste plassane som nynorskpraktikantar i Nynorsk mediesenter frå 1.september 2004. Dei som kom inn var Eli Bjelland, frå Stord, Knut Åge Teigen, fråÅrdal/Jar, Svein Ove Hansli, frå Vinje, Maria Rivedal, frå Oslo/Bergen, og Inger Johanne Sæterbakk, frå Orkanger.

Kulturministeren var sjølvskriven

Det var ein openberr kandidat til å opne Nynorsk mediesenter; dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland. Ho tende på ideen fyrste gong ho høyrde om han, og utan hennar engasjement i samanslåingsdebatten i 2002, hadde grunnlaget for senteret vore vekke.

Odd Nordstoga spelar under opninga av Nynorsk mediesenter i 2004 (Foto/NRK)

Odd Nordstoga spelar under opninga av Nynorsk mediesenter i 2004 (Foto/NRK)

– Nynorsk mediesenter her i Førde kan vise seg å bli eit svært viktig tiltak for å utvikle og utbreie godt nynorsk mediespråk, sa ho i talen ved opninga 2.september 2004.

Der deltok elles Odd Nordstoga, med den store slageren i 2004 , «Kveldssong for deg og meg», meir kjend som «Grisen står og hyler», Oddvar Torsheim med «Nynorskens skog» og gruppa Gamalt nymalt, der folkemusikarane Sigrid Moldestad, Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes, endevender tradisjonsmusikken. Forfattaren Olaug Nilssen las diktet «Målet vårt» og Linda Eide kåserte om å vere nynorskjournalist.

Dåverande kringkastar i NRK, Kari Werner Øfsti, sa at senteret skal bygge vidare på det arbeidet NRK Sogn og Fjordane har gjort med å lære opp mange nynorskbrukande journalistar, som både NRK og andre medieverksemder nyt godt av i dag. Dåverande språkdirektør Sylfest Lomheim peika på at media får stadig meir å seie for språket i landet, og at Nynorsk mediesenter er viktig for å syte for eit godt nynorsk mediespråk. Dåverande leiar for Kringkastingsringen, Unn Arrestad, tykte senteret var eit kjærkome lyspunkt i ei tid då nynorsken er pressa frå alle kantar. Programleiar på opninga var Gry Molvær, NRK-journalist og medlem av prosjektgruppa.

Hestekur i journalistikk

På seks månader skal nynorskpraktikantane lære så mykje at dei kan byrje som journalistar. Det er ein hestekur, som krev stor eigeninnsats for å henge med. Etter vel ein månad med innføring i journalistikk, data og teknikk i teorien er nynorskpraktikantane klare for praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Dette er opplæring etter «lære ved å gjere det» -metoden, der det er kort veg mellom teori og praksis i radio, fjernsyn og på nett.

Dei skal og lære at det gjeld å snu seg fort, fylgje godt med og kunne jobbe mykje for å vere journalistar. Det praktikantane lagar skal vere godt nok til å bli sendt. Det er frå lærarane og dei tilsett i NRK Sogn og Fjordane praktikantane lærer det meste, men med i opplegget er det og gjesteførelesarar som tek for seg nynorsk og journalistikk frå ulike synsvinklar.

Høge mål

Målet er at det skal kome mange dyktige, engasjerte og sjølvstendige journalistar frå NRK Nynorsk mediesenter, som snakkar og skriv slik at folk forstår dei. Dei skal bli så gode at det blir rift om dei i redaksjonane.

Som nynorskbrukar må du vere dyktig for at språket ikkje skal bli brukt mot deg, men er du dyktig kan det bli ein fordel, både for deg sjølv og andre. Det er høge mål, men det nyttar ikkje å legge lista slik at alle kan stige over.

Vona er at NRK Nynorsk mediesenter kan bli en naturleg stad for leiarar å spørje om gode nynorskbrukande journalistar, og at vi kan tipse ulike redaksjonar om stadig nye, dyktige folk. Vi held kontakta med dei vi sender frå oss, og håpar etter etterkvart å bli eit ressurssenter for nynorsk i media.

Vi prøver å rekruttere breitt, både geografisk og i høve til utdanning og røynsle, fordi vi meiner det er viktig med ulike bakgrunnar og ståstader i journalistikken. Målet er at her skal vere dugande folk å finne for både barne- og ungdomsprogram, underhaldning og nyhende- og samfunnsprogram, osv.

Vona er å medverke til auka fokus på nynorsk eterspråk og rekruttering av gode nynorskbrukarar, og vi vil bruke dei som alt finst til å inspirere nye talent.

To namnebyte

 

Logo-Nynorsk-mediesenter-b1
Arbeidstittelen Nynorsk kompetansesenter vart til Nynorsk mediesenter. Det var opphavleg meininga at senteret skulle bli ei stifting, eigd og driven av fleire enn NRK. Difor var ikkje NRK med i namnet frå fyrst av, og sidan vi ikkje brukte NRK-logoen kunne vi ha ein løvetann til bumerke.

Men etter to års drift sa økonomidirektør Tore Olaf Rimmereid i NRK at «NRK befinner seg vel med å eige og drive Nynorsk mediesenter», og tanken om fleire eigarar vart lagt vekk. Fyrst frå 1.september 2009 vart namnet NRK Nynorsk mediesenter og den krumbøygde løvetanna måtte vike for NRK-logoen.

 

Kursverksemd frå 2004-2013

Frå 2004 til 2013 dreiv NRK Nynorsk mediesenter også kommersiell kursverksemd om media og nynorsk. Føremålet var å gjere folk tryggare i møte med media, og vi hadde særleg dialekt- og nynorskbrukarar som målgruppe. Med kurs i eit direkte og klart språk og medietrening håpa vi å medverke til eit auka språkleg mangfald i medie- og samfunnsdebatten. Det var kursa i medietrening, beredskap, presentasjon, god nynorsk og skriving for nett det vart tinga mest av, frå offentlege og private verksemder, lag og organisasjonar.

Vi la ned kursverksemda frå 1. mars 2013 for å samle ressursane om opplæringa av nynorskpraktikantar, oppfølging av tidlegare praktikantar og arbeidet for meir nynorsk i NRK.

Modell for liknande tiltak

Det er kome til to liknande tiltak etter modell av NRK Nynorsk mediesenter. I januar 2008 byrja NRK med opplæring av fleirkulturelle journalistar i NRK FleRE, lagt til NRK Østlandssendinga i Oslo. Og i 2013 startar Nynorsk avissenter i Førde med opplæring av nynorskbrukande journalistar for avis og nett. Dette tiltaket er lagt til den største nynorskavisa i landet, Firda, og den fyrste leiaren for Nynorsk avissenter er Arve Sandal, same karen som hadde ideen til Nynorsk mediesenter. Desse tre nærskylde tiltaka har kontakt og samarbeider, og dei to opplæringssentera for nynorsk i media i Førde skal samarbeide der det let seg gjere og er naturleg.

Oppdatert 13.05.13.

Magni Øvrebotten
leiar for Nynorsk mediesenter