Visjon, verdiar og mål

Visjon, verdiar og mål

“Stolt nynorsk” er visjonen til NRK Nynorsk mediesenter. Vi skal medverke til at nynorskfolk vert stolte og glade i dialekten sin og språket sitt. Då vil dei ta vare på det, kjempe for det og bli ei kraft for den språklege identiteten som nynorsken er.

NRK Nynorsk mediesenter skal styrkje nynorskbrukarane i media både språkleg og fagleg, og ha som mål at dei skal vere blant dei beste. Senteret skal og medverke til at nynorskbrukarar flest skal bli trygge nok til å bruke målet sitt, og såleis auke det språklege mangfaldet i medie- og samfunnsdebatten.

Når dyktige nynorskbrukande journalistar står fram i radio og fjernsyn med sjølvtillit og kraftfull nynorsk, er dei gode ambassadørar for nynorsken og gjer oss stolte av språket og røtene våre.

NRK Nynorsk mediesenter skal ale opp fleire nynorskbrukarar som kan verte gode ambassadørar i radio, fjernsyn og på Internett. Målet er å gjere nynorskfolk stolte nok til å halde på språket sitt og å auke den språklege toleransen gjennom gode føredøme.

Dyktig – frodig – framfus

NRK Nynorsk mediesenter skal byggje på verdiane dyktig – frodig – framfus. Dei skal seie noko om kva vi vil vere, og kva som skal prege både dei som arbeider ved senteret og dei som vert lærde opp og kursa av oss. Det skal vere kvalitet i alle ledd, slik at dyktig vert omdømet til NRK Nynorsk mediesenter.

Nynorsk er meir enn eit språk; det er ein identitet, ein kultur og ei historie. Ein trygg språkleg og kulturrell ståstad er viktig for å vere open for nye impulsar, og for å ta sjølvstendige val. Nynorsk språk og kultur har ein frodig tradisjon som NRK Nynorsk mediesenter skal byggje vidare på for å gje nynorsken innpass på nye område.

Nynorskbrukaren må vere dyktig for at språket ikkje skal bli brukt mot han. Då nyttar det ikkje å stå med hua i handa, ein må vere litt framfus i den positive tydinga av ordet. Våge å merke seg ut, stå for noko og vere noko.

Godt omdøme

Det er viktig for NRK Nynorsk mediesenter å ha eit godt omdøme. Det kan senteret berre få ved at praktikantar held eit høgt nivå. For å oppnå dette må det vere kvalitet i alle ledd, ikkje minst hjå dei tilsette og når det gjeld innhaldet i senteret.

Fagleg tyngd både journalistisk, språkleg og i spørsmål som gjeld meir allmenn nynorsk kultur, må kjenneteikne NRK Nynorsk mediesenter. Det betyr ikkje at senteret sjølv skal ha kunnskap på alle fagfelt, men det skal vite kvar slik kunnskap finst og kjenne godt til dei sentrale diskusjonane kring nynorsk.

Berre dei beste og mest motiverte søkjarane får plass som praktikantar, etter intervju og opptaksprøve. Dei må bli så dyktige at det vert rift om dei i redaksjonane, og dei skal ha likt seg så godt at dei rår andre til å søkje NRK Nynorsk mediesenter.

Dei tilsette må ha høgare utdanning og røynsle frå etermedia, og vere “brennande sjeler” både for nynorsk og journalistikk.

Senteret skal vere veldrive, både med omsyn til økonomi, opplæring, trivsel og resultat. Minst 80 % av dei tilsette skal vere godt nøgde med jobb, miljø og leiar, og minst 80 % av praktikantane skal vere nøgde med opplæringa og kursa.