Bakrunn

Bakrunn

Her handlar det om historia til NRK Nynorsk mediesenter. Det er forteljinga om årelangt oppal av nynorskbrukande journalistar i Førde, striden om sjølvstende for NRK Sogn og Fjordane i 2002 og trua på ein ide.

NRK Nynorsk mediesenter vart opna 2. september 2004 av dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland (KrF). Over ser du henne og leiaren for senteret, Magni Øvrebotten, saman med det fyrste kullet med nynorskpraktikantar 2004/2005.

Frå venstre: Inger Johanne Sæterbakk, Svein Ove Hansli, Knut Åge Teigen, Eli Bjelland og Maria Rivedal. (Foto: NRK/Arild Nybø)

10-årsjubileum

1. september 2014 var det 10 år sidan det fyrste kullet med nynorskpraktikantar byrja. Vi feira det med grovskiver og kransekake saman med kull 21 og dei tilsette i NRK Sogn og Fjordane, og eit festskrift

Semesteroppgåve om NRK Nynorsk mediesenter

Hausten 2013 skreiv Arnt Øyvind Siem ei semesteroppgåve om NRK Nynorsk mediesenter, som del av eit nettsudium i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Han snakka med tidlegare praktikantar og leiarar i NRK om kva røynsler dei har med senteret.- Det er ein gjennomgåande raud tråd i alle intervjua eg har gjort i denne oppgåva. Det er at NRK Nynorsk mediesenter får sterk karakter for den jobben som er gjort, både frå den nynorskspråklege og journalistiske innfallsvinkelen, sa Arnt Øyvind Siem då han leverte oppgåva. Han fekk A på oppgåva då sensuren fall før jul.  Du kan lese heile oppgåva her