Jobben min

Jobben min

Vi fornyar denne spalta når vi lyser ut nye kull, for at aktuelle søkjarar skal sjå kva eit halvår som nynorskpraktikant kan føre til. I desse nettintervjua fortel tidlegare nynorskpraktikantar om jobben sin og kva det har betydd for dei å gå NRK Nynorsk mediesenter.

 

Jobben min: Journalist i NRK Sogn og Fjordane  
24. mars 2017

Jobben min: Journalist i NRK Sogn og Fjordane

Kva er jobben din? Jobben min er å sei god morgon når du skal ut døra, god ettermiddag når du sit i bilen på veg heim, eller god kveld når du sit i sofaen med beina på bordet. Det gjer eg enten som programleiar i radiosendingane eller som vikar på Vestlandsrevyen. [...]
» Les meir

Jobben min: Journalist i NRK Finnmark  
16. mars 2017

Jobben min: Journalist i NRK Finnmark

- Kva er jobben din? - Eg arbeider med både TV, radio nett og SoMe – men mest video. Det er veldig kjekt og lærerikt å arbeide så variert, og ingen dagar er like. - Korleis likar du deg? - Eg trivs veldig bra, og blei teken imot på strålande vis av redaksjonen [...]
» Les meir

Jobben min: Journalist i NRK Telemark  
10. mars 2017

Jobben min: Journalist i NRK Telemark

Kva er jobben din? - Eg jobbar som journalist i NRK Telemark. Der gjer eg alt i frå å vere videojournalist til å lese nyhende på radioen. Eg har nyleg fått opplæring til å verte produsent på Telemarksendinga, og skal i tida framover også jobbe meir som fotograf. I tilegg jobbar [...]
» Les meir

Jobben min: Vaktsjef i P3.no  
6. desember 2016

Jobben min: Vaktsjef i P3.no

Fortel om jobben din: - Eg jobbar som vaktsjef og journalist hjå P3.no. Her har eg ansvar for P3.no og vår publisering i sosiale medium. Arbeidskvardagen min er veldig variert! Dagen kan innehalde alt frå å skrive sjølv og deske arbeid andre har gjort, til å redigere video og planlegge kva [...]
» Les meir

Lokkar ungdomen til VTB med Snapchat  
23. november 2016

Lokkar ungdomen til VTB med Snapchat

 Kva er jobben din? — Medan eg framleis var praktikant i Førde fekk eg eit tilbod om ei spennande prosjektstilling i Vest-Telemark Blad – mi eiga lokalavis. Prosjektstillinga gjekk ut på å lokke ungdomen til lokalavisa med hjelp av det sosiale mediet Snapchat. Det har eg prøvd å gjera det siste [...]
» Les meir