Jobben min

Jobben min

Vi prøver å oppdatere denne spalta når vi lyser ut nye kull, for at dei som lurer på om dette er noko for dei skal sjå kva eit halvår som nynorskpraktikant kan føre til. I desse nettintervjua  fortel tidlegare nynorskpraktikantar om jobben sin og kva det har betydd for dei å gå NRK Nynorsk mediesenter.

 

Jobben min: NRK Rogaland  
10. november 2011

Jobben min: NRK Rogaland

Kva gjer du no? I dag arbeider eg som bulletengopplesar og reporter i NRK Rogaland. Oftast sit eg på desken og produserer nyheiter. Når klokka kryp like over kvar heile time, skundar eg meg i studio for å framføra sist nytt frå Rogaland. Med jamne mellomrom lagar eg reportasjar for radio/tv/nett. [...]
» Les meir

Jobben min: NRK Dagsnytt  
25. oktober 2011

Jobben min: NRK Dagsnytt

Kva gjer du no? No jobbar eg i hovudsak som reporter i Dagsnytt, men vikarierer også som vaktsjef og programleiar med jamne mellomrom. Eg obbar eigentleg med alt mogleg. Siste året har eg vore i Düsseldorf i Tyskland, der eg dekkte den norske innsatsen i Melodi grand prix, eller Eurovision song contest [...]
» Les meir

Jobben min: P3 morgen og NRK2  
21. oktober 2011

Jobben min: P3 morgen og NRK2

Kva gjer du no? Eg er produsent i ”P3morgen” på NRK P3 kvar morgon mellom 06:30-10:00  I tillegg jobbar eg som kanalvertvikar eller ”hallodame” i NRK2 når høve byr seg. Korleis hamna eg her?  Eg hadde praksis i ”P3nyheter” i Trondheim og blei då ein del av vikarbassenget til P3 der. Eg var [...]
» Les meir

Jobben min: NRK Sogn og Fjordane  
20. oktober 2011

Jobben min: NRK Sogn og Fjordane

Kva gjer du no?   Eg er reporter og programleiar i NRK Sogn og Fjordane. For tida er eg oppteken med to prosjekt. Det eine er å lage tilbakeskuande TV-reportasjer i samband med Vestlandsrevyen sitt 20-årsjubileum. I dag redigerer eg ei sak om samferdsel og ser på kva Fjærlandsvegen har betydd [...]
» Les meir

Jobben min: NRK Super  
11. september 2011

Jobben min: NRK Super

Kva gjer eg no? No jobbar eg i NRK Radio Super. Eg hadde ekstern praksis her i redaksjonen, og treivst så godt at eg søkte på diverse vikariat som blei lagt ut. Jobben min består av å vere reporter og produsent for verdas beste radioprogram, Radio Super, som går på P1 [...]
» Les meir