Nynorskprisen for journalistar

Nynorskprisen for journalistar

Føremålet med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. I statuttane står det at prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.

Prisvinnaren får 50.000 kroner, diplom og eit norsk kunstverk. Prisen vart oppretta i 2004 som departementet si gåve i høve opninga av Nynorsk mediesenter. Difor er leiaren for senteret sekretær for juryen.

I juryen for 2013-2017 sit Svend Arne Vee, Agnes Ravatn og Håkon Haugsbø (leiar). Alle kan føreslå kandidatar til prisen.

26 framlegg om 23 namn

Det kom inn 26 framlegg om 23 kandidatar til å få Kulturdepartementet sin nynorskpirs for journalistar i 2017. Det står 12 kvinner og 11 menn på lista, og nokon av dei er føreslegne av fleire. Juryen skal ha møte i Oslo 9. mai og prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 30. juni.

Ny jury frå 1. juli 2017

Heile den noverande juryen har sagt frå at dei ikkje ynskjer attval. Dei har for mykje å gjere. Kulturdepartementet skal nemne opp ny jury frå 1. juli 2017.

Jon Hustad fekk prisen i 2016

Jon Hustad og Håkon Haugsbø (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Dag og Tid-journalisten, TV 2-profilen og debattanten Jon Hustad fekk  Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2016.

 – Hustad har skarpe anlyser, ein skarp penn – og ei skarp tunge. Han kan oppfattast som ein rabulist, men han inntek ofte rolla som folkedjupet sin velutdanna talsmann, skriv juryen. Jon Hustad var glad og forundra over å få prisen. Det kom inn 21 framlegg om 19 namn. Prisen vart delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 24. juni. Det var leiaren for juryen, Håkon Haugsbø, som delte ut prisen og etterpå intervjua prisvinnaren.

2016.-Årsrapport-nynorskprisen.pdf (90 downloads)

 

Juryen for 2013-17

1. oktober 2013 oppnemnde departementet ny jury for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, til 1. juli 2017.

Frå venstre: Svend Arne Vee, Florø, redaktør i Firdaposten, Agnes Ravatn, Valevåg, forfattar og journalist i Dag og Tid, og Håkon Haugsbø, Oslo. Han er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp. Juryen valde sjølv Håkon Haugsbø som leiar.