Statuttar for prisen

Statuttar for prisen

1. Føremål

Føremålet med nynorskprisen er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre.


2. Vilkåra

Prisen vert gjeven til ein dyktig journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt  har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.


3. Prisen

Prisen er ei pengegåve på kr. 50.000 og eit kunstverk laga av ein norsk kunstnar.


4. Nominasjon og utpeiking av prisvinnar

Alle kan føreslå kandidatar til prisen. Høve til å kome med framlegg, og fristen for det, skal kunngjerast i god tid før prisutdelinga.

Prisvinnaren vert peika ut av ein uavhengig jury. Juryen vel på fritt grunnlag kven som skal få prisen, og er ikkje bunden til dei framlegga som har kome inn. Juryen skal skriftleg grunngje valet av prisvinnar.

 

5. Jury

Juryen har tre medlemmer som er oppnemnde av Kultur- og kyrkjedepartementet. Dei vert oppnemnde for fire år i gongen. Juryen vel sjølv leiar.

NRK Nynorsk mediesenter i Førde er sekretariat for juryen.

 

6. Utdeling

Prisen skal delast ut kvart år, under Dei Nynorske Festspela i Ørsta. Eit medlem av juryen står for utdelinga av nynorskprisen. Prisen vert ikkje delt ut dersom juryen ikkje finn fram til ein verdig vinnar.