Juryen

Juryen

Kulturdepartementet oppnemnde 1. oktober 2013 jury for 2013-17. Der sit Svend Arne Vee, Florø, redaktør i Firdaposten. Agnes Ravatn, Valevåg (Sveio kommune), journalist og forfattar, og Håkon Haugsbø, Oslo, kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp. Juryen bestemte 4. desember at Håkon Haugsbø skal vere leiar.

NRK Nynorsk mediesenter er sekretariat for juryen. Grunnen til det er at denne nynorskprisen vart oppretta i samband med opninga av NRK Nynorsk mediesenter i september 2004. Prisen var departementet si «gåve» til mediesenteret.

Juryen brukar å ha eitt møte i året, i mai, då dei bestemmer kven som skal få prisen. Leiaren, eller ein av dei to juryemedlemmane, deler ut prisen under Dei nynorske festspela i Ørsta siste veka i juni. Elles føregår juryearbeidet på e-post og telefon.

Kven er juryen?

Svend Arne Vee (1967), Florø, er redaktør og dagleg leiar i kystavisa Firdaposten. Han har journalistbakgrunn frå Sogn Dagblad, og starta Årdal & Lærdal Avis for A-pressen på slutten av 1990-talet. Han har tidlegare vore nyhendereaktør i avisa Firda i Førde.

Vee er fødd og oppvaksen i Årdal. Realfagsutdanna ved UiO og tok seinare journalistutdanning ved Høgskolen i Stavanger. Vee var medlem av Språkrådet si nemnd som i 2010 starta arbeidet med å lage ei ny nynorsk rettskrivingsnorm, den sokalla 2012-normalen.

E-post til Svend Arne Vee: SvendArne.Vee@firdaposten.no

Agnes Ravatn (1983), Valevåg, er journalist og forfattar frå Ølen i Vindafjord. Ho skriv fast i Dag og Tid og Dagbladet. Ho har òg skrive seks bøker. To av desse er journalistiske essaysamlingar. I 2011 fekk ho Språkprisen for framifrå nynorsk i sakprosa, og i 2013 fekk ho Arne Hestenes» journalistpris.

E-post til Agnes Ravatn:agnesravatn@gmail.com

Håkon Haugsbø (1973), Oslo, er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp. Han har bak seg 21 år i NRK, og var sist programleiar i NRK Brennpunkt. Før dette har han vore programleiar i Forbrukerinspektørene, to TV-aksjonar og Sommeråpent. Haugsbø er leiar for juryen.

Håkon Haugsbø er frå Førde i Sunnfjord, og starta journalistkarriera si i NRK Sogn og Fjordane i 1992, før han vart politisk reporter i Dagsrevyen. Han har også tenestegjort som presseoffiser ved NATO sitt hovudkvarter for Kosovostyrken frå 1999-2000. Haugsbø har i fleire år vore leiar for Stiftinga for ei Kritisk og Undersøkande Presse, og har hatt fleire verv i Norsk Journalistlag. I 2013 fekk han Alf Hellevik sin mediemålpris.

E-post til Håkon Haugsbø: hakon.haugsbo@gmail.com

Sekretær for juryen:

Magni Øvrebotten (1954), leiar for NRK Nynorsk mediesenter. E-post:magni.ovrebotten@nrk.no