Prisvinnarar 2006 -17

Prisvinnarar 2006 -17

I margen ser du kven som har fått Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar sidan starten i 2006. Der finn du korte presentasjonar av prisvinnarane og årsrapportane til Kulturdepartementet.

Til denne tid har åtte menn og seks kvinner fått denne nynorskprisen for journalistar. Dei fjorten prisvinnarane fordeler seg nokså likt mellom avis og kringkasting, med seks frå kringkasting og åtte frå avisverda. Prisen har vore delt to gonger, i 2012 og 2017.

Bilete over er av prisvinnarane i 2012: Katrine Sele, i Firda, og Hilde Sandvik, i Bergens Tidende. Dei delte prisen på 50.000 kroner det året.