2006 - Linda Eide

2006 – Linda Eide

Fødd på Voss i 1969. Journalist i NRK. 19 år gamal byrja ho på Journalistskulen, der ho skreiv ei hovudoppgåve med tittelen «Er det språktvang i den frie pressa?»  Linda Eide har arbeidd i NRK Sogn og Fjordane, NRK Hordaland, NRK P3 og P1, og i NRK fjernsynet, med base i Bergen. Forfattar og kåsør.

I 2006 var ho den fyrste som fekk Kultur – og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar. I grunngjevinga til juryen heitte det mellom anna:

– Linda Eide er mest ein eigen sjanger i norske media. Aktiv i både radio, fjernsyn og aviser, som journalist, kåsør og forfattar. Ho er tydeleg stolt av nynorsken sin, og har vore ein forkjempar for bruk av nynorsk i norske media.

Årrapporten 2006 (414 downloads)