2007 - Kjell-Erik Kallset

2007 – Kjell-Erik Kallset

Fødd i 1967, Tingvoll på Nordmøre. Leiar og journalist i Dagsavisen og forfattar.

Cand. philol, med hovudfag i historie. Har var journalist i Bygdanytt i Fræna, Driva og Aukra Avis og informasjonssjef i Nei til EU, før han byrja i Arbeiderbladet (no Dagsavisen) i 1997.

I 2007 fekk han Kultur- og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar. Juryen skreiv mellom anna:

– Kjell-Erik Kallset har kjempa seg til å skrive nynorsk, og var den første tilsette i Dagsavisen som fekk nytte denne målforma. Han har merka seg ut med ein stilsikker og fargerik nynorsk i kommentarform. Stilen er ledig og leiken, men har samstundes ein kvass egg, retning og djupne, slik politiske kommentarar skal ha.

Juryleiar Gry Molvær overrekte prisvinnaren 50.000 kroner og ei «Mediejomfru» av Kjartan Slettemark.

Årrapporten 2007 (364 downloads)