2008 - Odd Reidar Solem

2008 – Odd Reidar Solem

Fødd i 1949, på Gossen i Aukra kommune. Nyhendeanker og journalist i TV 2, der han har arbeidd sidan 1993. Han gjekk på det fyrste kullet ved medielina på Høgskulen i Volda i 1973. Har vore journalist i Romsdal Folkeblad, Romsdals Budstikke og i NRK 1977-1990. Frå 1990-93 var han redaktør i Romsdals Budstikke.

Odd Reidar Solem fekk Kultur-og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2008. I grunngjevinga til juryen les vi:

– Prisvinnaren har i mange år skilt seg ut med å bruke ein levande nynorsk som journalist i avis, radio og fjernsyn. Han er ei kjend røyst frå både NRK og TV 2, som meldingslesar, programleiar, vaktsjef og reporter, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Når han helsar sjåarane velkomen seier han : » Retteleg god kveld». Slik markerer han kva som er målforma hans, og han er kry av nynorsken!

Det var jurymedlem Olaug Nilssen som overrekte prisen til Odd Reidar Solem. Han fekk grafikk av Ørnulf Opdahl.

Årrapporten 2008 (438 downloads)