2009 - Ronny Brede Aase

2009 – Ronny Brede Aase

Fødd i Førde i 1986. Journalist, programleiar, platepratar og bloggar i NRK P3 sidan 2007. Byrja som sommarvikar i NRK Sogn og Fjordane då han var 19 år, for å vere nettjournalist, men arbeidde med både nett, radio og fjernsyn.

Då han fekk Kultur-og kyrkjedepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2009 sa juryen:

– Kritiske røyster vil kanskje meine at plateprating og blogging er lettbeint journalistikk, men i år har juryen lagt vekt på at prisvinnaren når ungdom i ein alder då dei språklege haldningane vert forma og vala tekne. Ronny Brede Aase sin naturlege og trygge bruk av nynorsk/dialekt kan vere eit føredøme og auke toleransen og forståinga. I tillegg brukar han god og stødig nynorsk når han skriv for NRK P3 på nettet og i bloggen sin.

Ronny Brede Aase fekk kunst av Oddvar Torsheim og 50.000 kroner.

Årrapporten 2009 (406 downloads)