2010 - Astrid Brekken

2010 – Astrid Brekken

Fødd i Lesja i 1943. Journalist og programleiar i NRK, mellom anna i P2-programma ”Sånn er livet” og ”På livet laus”. Det finst mest ikkje eit emne Brekken ikkje har teke føre seg og laga god journalistikk av sidan ho byrja i NRK i 1971.

Astrid Brekken var med og skipa bladet Sirene i 1973, «eit feministisk alternativ til vekeblada». Ho var den fyrste kvinnelege redaktøren for Syn og Segn 1980-83, saman med Sigrid Straand, og Brekken har vore aktiv i ei rekkje organisasjonar.

Ho fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2010 og i grunngjevinga sa juryen mellom anna:

– Astrid Brekken har i ein kvinnealder vore markant til stades i norsk samfunnsdebatt på mange arenaer, og heile tida har ho hatt eit svært medvite forhold til nynorsk.

– Ho er ein nyfiken og intellektuell journalist, oppteken av korleis vi lever liva våre i både bygd og by, lokalt og internasjonalt.

– Astrid Brekken er eit naturleg førebilete for yngre kollegaer, og nyt stor respekt i NRK, utan å framheve eigen kunnskap og dugleik. Ho har heile tida nytta ein nynorsk med Brekken-signatur; sobert, og med eit svært medvite forhold til tillatne former som høver til dialekten hennar frå Lesja.

I tillegg til 50.000 kroner fekk Astrid Brekken eit relieff av kunstnaren Geir Hjetland.

Årrapporten 2010 (378 downloads)