2012 - Katrine Sele og Hilde Sandvik

2012 – Katrine Sele og Hilde Sandvik

I 2012 delte juryen prisen for fyrste gong, mellom Katrine Sele (1972) og Hilde Sandvik (1970). Sele frå Oslo, Sandvik frå Rogaland.


Juryen seier mellom anna dette om Sandvik:

Hilde Sandvik skriv alltid nynorsk i kommentarane sine, og set oftare og oftare dagsorden både for diskusjonar på sosiale media og i debattprogram i radio og fjernsyn. Sosiale media har opna ein heilt ny arena for kommentarstoff, og her har Hilde Sandvik skapt eit stort og godt rom ikkje berre for seg, men også for nynorsken. Ho har vorte ein del av «kommentariatet».

 

Om Sele skriv juryen mellom anna:
Katrine Sele arbeider som både nyhende- og kulturjournalist i Firda. Spesilaliteten hennar er lange kulturreportasjar, ei blanding av reportasje, kulturartikkel og kommentar. Tekstane byggjer alltid på eit grundig arbeid på førehand. Ho snakkar med masse folk, har gode  kjelder og stiller spørsmål som vi ikkje visste at vi lurte på. Og ho skriv om folk som til vanleg ikkje kjem til orde i media.

 

Dei to prisvinnarane fekk 25.000 kroner og eit trykk av Per Kleiva kvar.

Årsrapporten 2012 (399 downloads)