Betalt opplæring

Betalt opplæring

Nynorskpraktikantane vert tilsette i NRK for seks månader og får 16.700 kroner i brutto løn i månaden. Men halvåret som praktikant vert ikkje rekna som tenestetid i NRK.

NRK Nynorsk mediesenter lønnar også praktikantane dei to siste månadane i ekstern praksis. Halvåret som praktikant vert ikkje rekna som tenestetid i NRK, og det er korkje bindingstid eller garanti om arbeid etterpå.  Men dei kan søkje på både faste stillingar og vikariat i tre år, og ha priortitet til stillingar dei er fullt ut kvalifiserte for.

Prioritet til stillingar

Då NRK innførde tilsettingsstopp i 2008 vart det bestemt at praktikantane frå NRK Nynorsk mediesenter og NRK FleRe skulle reknast som interne søkjarar i tre år, med rett til å søkje også på faste stillingar i NRK, fordi desse opplæringane er strategiske rekrutteringstiltak i NRK. Gjeldande formulering om dette er frå 1. oktober 2013:

«NRK Nynorsk mediesenter og NRK FleRE er strategiske rekrutteringstiltak fordi vi ønsker et økt antall ansatte og vikarer som snakker nynorsk eller har flerkulturell bakgrunn.

Søkere fra FleRE-prosjektet og Nynorsk mediesenter betraktes som interne søkere i tre år etter gjennomført program, og de skal gis prioritet til ansettelse i stillinger de er fullt ut kvalifisert for. Det samme gjelder for praktikantordningen i NRK Sàpmi. De samme reglene for lovlig midlertidig ansettelse gjelder for disse som for andre midlertidige».

Sjå kommentarar og utdjuping av denne regelen her.

Internt i NRK finn ein retningslinene i Personalhandboka på Torget

Vedkomande utlysingar

Frå 30. juli 2015 er det bestemt at dette skal stå når ein lyser ut stillingar internt i NRK: «På grunn av dagens bemanningssituasjon i NRK er det berre fast tilsette medarbeidarar og kandidatar frå NRK FleRe og NRK Nynorsk mediesenter kan søkje på denne stillinga».

Skaffar hyblar

NRK Nynorsk mediesenter skaffar hyblar til praktikantane i Førde, men husleiga må dei betale. Når praktikantane er i ekstern praksis må dei skaffe seg hyblar sjølve.