Gjesteførelesarar hausten 2017

Gjesteførelesarar hausten 2017

I tillegg til eigne lærekrefter og tilsette i NRK Sogn og Fjordane og Firda brukar vi gjesteførelesarar om nynorsk og journalistikk. Dei fleste førelesingane har vi saman med praktikantane frå Nynorsk avissenter i Firda.

1. september: Arve Sandal, føreles om Sogn og Fjordane; om næringslivet, folketalsutviklinga, geografien, kulturen og lynnet i det fyrste praksisfylket for praktikantane. Sandal hadde ideen til NRK Nynorsk mediesenter og var den fyrste leiaren for Nynorsk avissenter.

13. – 14. september: John Inge Johansen, journalist i NRK Nordland, i Svolvær, føreles om MOJO-journalistikk. Mobil- og video-journalistikk, der ein gjere video-opptak med mobil eller kamera, redigere dei brennkvikt og legge dei levande bileta ut på nettet. Mange praktiske øvingar.

19. september: Jorid Løvbakk, logoped i NRK og i Statped, Bredtvet kompetansesenter for logopedi. Ho føreles om og gjev praktiske øvingar i stemmebruk.

20. september: Erlend Blaalid Oldeide, programleiar/journalist i NRK Sogn og Fjordane, føreles om intervjuteknikk. Oldeide var nynorskpraktikant på kull fire i 2006.

27. – 29. september: Håvard Heggen, journalist i NRK Sogn og Fjordane, føreles om TV-kommentaren, med praktiske øvingar.

9. oktober: Jan Olav Fretland, dosent ved Høgskulen på Vestlandet, i Sogndal. Han føreles om «Tal dialekt – skriv nynorsk», om normering og dialektbruk. Han tek og føre seg endringane i nynorsknormalen frå 2012.

10. oktober: Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter, snakkar om «Å vere nynorsking i media», og Noralv Pedersen, språkkontakt i NRK Sogn og Fjordane, tek føre seg «Språket i NRK» m/øvingar.

11. oktober: Brit Jorunn Svanes, journalist i NRK Sogn og Fjordane, føreles om Some, journalistikk på sosiale medium.

16.- 17. oktober: Stian Sjursen Takle, programleiar i NRK Sogn og Fjordane, føreles om direkterapportering med øvingar.

18. – 20. oktober: Oslo-tur med besøk i ulike redaksjonar i NRK og møte med leiarar og tidlegare praktikantar.

23. oktober: Tur til Aasentunet, saman med nynorskpraktikantane i Nynorsk avissenter. Vi får omvising om Ivar Aasen ved Gaute Øvereng, som er leiar for Aasentunet.  Direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, gjev oss innsyn i historia og kampen for nynorsk.

6. november: Svein Brurås, fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, føreles om «Etikk i journalistikken».

13. november: Mads Støstad, journalist i redaksjonen for digital historieforteling i NRK Dokumentar og samfunn. Han føreles om digital forteljeteknikk.

20. november: Tone Merete Lillesvangstu, journalist i NRK Sogn og Fjordane, føreles om Nettfeature – den levande nettreportasjen.

4. desember: Erling Borgen, professor i samfunnskritisk dokumentarisme ved Høgskulen på Lillehammer. journalist og filmskapar. Han snakkar om den engasjerte journalisten. – Let det seg gjere å vere både idealist og journalist? spør vi.

11. desember: Simon Solheim (bilete), reporter i NRK Brennpunkt, føreles om å vere kritisk til makta og drive gravande journalistikk. Solheim var nynorskpraktikant i 2009/10, og kan difor også gje gode råd om korleis ein satsar etter NRK Nynorsk mediesenter.