Gjesteførelesarar våren 2017

Gjesteførelesarar våren 2017

I tillegg til eigne lærekrefter og tilsette i NRK Sogn og Fjordane og Firda brukar vi gjesteførelesarar om nynorsk og journalistikk. Dei fleste førelesingane har vi saman med praktikantane frå Nynorsk avissenter i Firda. Dette er lista oppdatert per 5. januar 2017:

16.januar: Arve Sandal, føreles om Sogn og Fjordane; om næringslivet, folketalsutviklinga, geografien, kulturen og lynnet i det fyrste praksisfylket for praktikantane. Sandal hadde ideen til NRK Nynorsk mediesenter, og har lang røynsle som journalist og leiar. Han var den fyrste leiaren for Nynorsk avissenter.

17. januar: Ivar Longvastøl, leiar for Nynorsk avissenter, og Rune Fossum Lillesvangstu, faglærar NRK Nynorsk mediesenter, snakkar om kjelder til stoff, med øvingar.

24. januar: Jorid Løvbakk, logoped i NRK og i Statped, Bredtvet kompetansesenter for logopedi. Ho føreles om og gjev praktiske øvingar i stemmebruk.

26.- 27. januar: John Inge Johansen, journalist i NRK Nordland. Han føreles om MOJO-journalistikk. Mobil- og video-journalistikk, der ein gjere video-opptak med mobil eller kamera, redigere dei brennkvikt og legge dei levande bileta ut på nettet.

30. januar: Brit Jorunn Svanes, journalist i NRK Sogn og Fjordane, føreles om Some, journalistikk på sosiale medium.

31. januar: Erlend Blaalid Oldeide, programleiar/journalist i NRK Sogn og Fjordane, føreles om intervjuteknikk. Oldeide var nynorskpraktikant på kull fire i 2006.

13. – 15. februar: Håvard Heggen, journalist i NRK Sogn og Fjordane (tidlegare Dagsrevyen), føreles om TV-kommentaren, med praktiske øvingar.

20. februar: Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter, snakkar om “Å vere nynorsking i media”, og Noralv Pedersen, språkkontakt i NRK Sogn og Fjordane, tek føre seg “Språket i NRK” m/øvingar.

23. februar: Jan Olav Fretland, dosent ved Høgskulen på Vestlandet, i Sogndal. Han føreles om “Tal dialekt – skriv nynorsk”, om normering og dialektbruk. Han tek og føre seg endringane i nynorsknormalen frå 2012.

1.-3. mars: Oslo-tur med besøk i ulike redaksjonar i NRK og møte med leiarar og tidlegare praktikantar, og ei teaterframsyning på Det Norske Teatret.

3. mars: Ingvild Bryn, praktikantane møter språksjefen i NRK. Bryn er vikar for Ragnhild Bjørge, som har foreldrepermisjon til over sommaren.

6. mars: Svein Brurås, fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, føreles om “Etikk i journalistikken”.

14. mars: Bjørgulv Braanen, ansvarleg redaktør i Klassekampen, som gjerne tilset nynorskbrukande journalistar. Klassekampen er ei av få aviser med opplagsauke. Emnet hans er: Samfunnsoppdraget. Slik lagar vi Klassekampen.

20. mars: Simon Solheim (bilete), reporter i NRK Brennpunkt, føreles om å vere kritisk til makta og drive gravande journalistikk. Solheim var nynorskpraktikant i 2009/10, og kan difor også gje gode råd til dei nye om livet etter NRK Nynorsk mediesenter.

27. mars: Tur til Aasentunet, saman med nynorskpraktikantane i Nynorsk avissenter. Vi får omvising om Ivar Aasen ved Gaute Øvereng, som er leiar for Aasentunet.  Direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, gjev oss innsyn i historia og kampen for nynorsk.

3. april: Tone Merete Lillesvangstu, journalist i NRK Sogn og Fjordane, føreles om “Den levande nettreportasjen”.

18. april: NRK.no på besøk, med redaksjonsleiar for innanriksredaksjonen Ingunn Andersen og redaksjonssjef Christian Fougner. Dei skal snakke om “Den digitale forteljeteknikken”, og kva som krevst av gode nettjournalistar og nettjournalistikk. 

24. april: Erling Borgen, professor i samfunnskritisk dokumentarisme ved Høgskulen på Lillehammer. journalist og filmskapar. Han snakkar om den engasjerte journalisten. – Let det seg gjere å vere både idealist og journalist? spør vi.