Kva krevst for å bli praktikant?

Kva krevst for å bli praktikant?

Vi leitar etter engasjerte folk, som er nynorskbrukarar og vil bli journalistar. Minstekravet til utdanning er at du har fullført vidaregåande skule, men utover det tilset vi folk med både lite og mykje utdanning. Vi ynskjer folk med ulike utdanningar og bakgrunnar, fordi det er viktig for journalistikken å rekruttere allsidig. Er du av dei som veit at du skal  bli journalist må du berre søkje. 

Attestar og vitnemål

Når søknadsfristen er ute 15. april og 15. oktober går det med omlag ei veke til å lese søknader før vi kallar inn til intervju. Dette arbeidet går raskare om folk legg ved attestar og vitnemål i søknaden, så slepp vi etterlyse dei. – Eg vil ha vitnemål frå og med vidaregåande skule og oppover på utdanningsvegen, og attestar frå dei jobbane folk har hatt. I journalistikken kan alt du har lært kome til nytte, og det er nyttig å sjå både karakterane og dei ulike bakgrunnane til folk, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Ho les alle søknadane, kallar inn til intervju og studiotest, og tilset saman med ein av faglærarane.

Nynorskbrukarar

– Vi søkjer etter nynorskbrukande ungdom som vil bli journalistar og som har eit godt og medvite forhold til dialekta si og nynorsken. Det er sjølvsagt viktig. Dette er ikkje staden der ein “lærer å bli nynorsk”, som nokon spør om. Det må dei ha med seg, og dei må ville bruke nynorsk som journalistar, elles fyrer vi for kråkene, seier Øvrebotten.

Gode forteljarar

For å kome inn på NRK Nynorsk mediesenter er det viktig med ein god søknad, som syner forteljaren i deg. Vi leitar etter folk som har noko å melde og som vi får tru på kan bli gode forteljarar som journalistar. Fyrste høve til å syne det er i søknaden.

Elles bør søkjarane vere samfunnsinteresserte og opptekne av kva som skjer i verda, både lokalt, nasjonalt og globalt. Opplæringa på seks månader er ein hard “hestekur”, difor er det viktig å vere skikkeleg motivert og ha vilje til stor eigeninnsats. Journalistikken treng folk med ulike dialektar, bakgrunnar og utdanningar, og vi prøver å rekruttere slik at vi medverkar til det, seier Øvrebotten.

Lyst til å bli journalistar

Til dei 25 kulla vi har teke inn har det vore mellom 25 og 62 søkjarar. Mellom åtte og seksten har vore inne til intervju, språk- og studiotest kvar gong. På kvart kull er det ei blanding av dei høgt utdanna og dei ivrige som berre veit at dei vil bli journalistar. Dei dreg vekslar på kvarandre, deler på kunnskapen dei har på ulike felt, og vert som oftast ein samansveisa gjeng.

Dei fem praktikantstillingane vert lyste ut i mars og september. Utlysingane kjem fast på nettsida vår og jobbsidene til NRK, og i sosiale medier. Fristane for å søkje er 15. april og 15.oktober.

Lære-med-å-gjere-det-metoden

Vi driv opplæring etter “lære-med-å-gjere-det”- metoden. Fyrst to månader med innføring i journalistikk, data og teknikk og nynorsk som mediespråk. Det er eit mål at øvingsoppgåvene skal bli så gode at dei kan sendast. Deretter to månader i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane der nynorskpraktikantane arbeider som journalistar for nett, radio,fjernsyn og sosiale medium, med rettleiing frå vaktsjefar og kollegaer.

Etter fire månader med opplæring og praksis i Førde har dei to månader ekstern praksis ved andre distriktskontor eller i riksredaksjonar på Tyholt og Marienlyst, som til dømes Dagsnytt, Dagsrevyen,, Sporten, NRK Super, osv. Kvar nynorskpraktikantane får praksis er ei blanding av kvar dei ynskjer seg og kvar dei eignar seg, og det er leiaren for mediesenteret som skaffar praksisplassane. Dei fleste vel praksis i NRK, men det er ingenting i vegen for å ha den i andre medieverksemder.

Ein fot i døra

Det er korkje bindingstid eller garanti om arbeid etter avslutta opplæring. Halvåret i NRK Nynorsk mediesenter gjev ikkje studiepoeng eller tenestetid i NRK, men nynorskpraktikantane skal reknast som interne søkjarar til stillingar i NRK i tre år etter avslutta opplæring. Ved tilsettingar skal NRK prioritere  nynorskpraktikantane til stillingar dei er fullt ut kvalifiserte for.

Å bli nynorskpraktikant kan gje deg ein fot inn i eit spennande yrke, i NRK og andre medieverksemder, om du er dyktig nok. No har omlag 60 prosent av dei vi lært opp heil – eller deltidsarbeid i media, tyngda i NRK.