Opplæringa

Opplæringa

Praktikanttida er på eit halvår. Først to månadar med innføring i språk, journalistikk, data og teknikk. Deretter to månadar i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, og dei to siste månadane i andre redaksjonar, i og utanfor NRK. Nynorsk som mediespråk er ein viktig del av opplæringa.

Opplæringa er tufta på “lære-med-å-gjere-det-metoden”, med mykje praksis og mindre med teori. Det er mykje å lære og praktisere på kort tid, og det krev stor innsats av den einskilde. Lærarar og kollegaer er aktive NRK-journalistar.

– Vi har sendt frå oss 120 nynorskpraktikantar og kull 25 byrja på opplæringa 22. august. Vi leitar alltid etter nynorskbrukande ungdomar som vil bli journalistar, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Gangen i opplæringa

Dei to første månadane skal praktikantane øve seg i å bruke journalistiske og tekniske verktøy, basert på teoretisk og praktisk undervising. Eigne lærarar og innleigde ressurspersonar innan nynorsk og media står for undervisinga.

I denne perioden skal praktikantane lære å bruke Nagra, opptaksutstyr for radio, Digas, redigeringsprogram for radio,  ENPS, tekstbehandlingsverktyet til NRK, Canon XA25-videokamera, til fjernsynsopptak og Adobe Premiere Pro, redigeringsprogram for fjernsyn. Vidare Polopoly og WordPress, til publisering på nett, og MOJO-journalistikk, opptak og redigering på iPhone.

Kvar praktikant får eigen PC, iPhone og eit digitalt spegelreflekskamera til bruk den tida praktikanten er i Førde, og får opplæring i å ta stillbilete og video til nettet på systema til både NRK og NRK Nynorsk mediesenter.

Den teoretiske opplæringa for radio- og fjernsynsreportasjen byggjer på NRK sin Fokus og APUS-modell.

I dei to neste månadane skal praktikantane ha praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, den redaksjonen i NRK der nynorsk er det naturlege og dominerande språket. Målet er at dei sakene praktikantane lagar skal sendast. I denne perioden blir praktikantane rettleia og får tilbakemeldingar frå både vaktsjefane, lærarane og medarbeidarane i redaksjonen.

I dei to siste månadane er nynorskpraktikantane utplasserte i andre redaksjonar, både i og utanfor NRK, der dei skal få praksis i radio-, fjernsyns- og nettjournalistikk. Kva redaksjonar dei får praksis i avheng mykje av kva dei har mest talent for. Målet vårt er å gje dei breidde til å meistre ulike redaksjonar og sjangrar innan journalistikken.

Sams med NRK Sogn og Fjordane

Vi nyttar videoprojektør og storskjerm i undervisinga. I tillegg kan vi bruke utstyret til NRK Sogn og Fjordane når det er ledig, t.d. kontormaskiner, bilar, studio og opptaks- og redigeringsutstyr for radio og fjernsyn.